Berberske språk er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien. Dei berberske språka blir først og fremst snakka i fjell- og ørkenområda i det nordlege Afrika, det vil seie langs Middelhavskysten og i Sahara og Sahel. Vi finn berbersktalande i Mauritania, Marokko, Algerie, Tunisia, Libya, Egypt, Mali, Niger og Burkina Faso.

Faktaboks

Uttale
bˈerberske språk
Også kjend som
berbiske språk, berberspråk, berbarspråk

Det er svært usikkert kor mange som snakkar berberske språk. Tala varierer frå 25 millionar (ethnologue.no) til 32 millionar (Camille Lacoste-Dujardin: Dictionnaire de la culture berbère en Kabylie). Det store fleirtalet av dei berbersktalande bur i Marokko (rundt 14 millionar) og Algerie (rundt 9 millionar).

Det finst store grupper av utvandra berbersktalande, særleg i Frankrike, med 1,5 millionar. I Israel bur det mellom 2000 og 3000 eldre talarar av jødeberbersk, utvandra frå Marokko. I 2022 fanst det i Noreg 13 018 innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre frå Marokko (11 082) og Algerie (1 936), ifølgje Statistisk sentralbyrå. Mange av desse snakkar berberske språk som tasjelhijt, tamazight, tarifijt (rifisk) og taqbajlit (kabylisk).

Grupperingar

Den nederlandske berberologen Maarten Kossmann (sjå litteraturlista) kallar det berberske språkområdet eit «diskontinuerleg dialektkontinuum». Fordi dei ulike variantane av berbersk liknar kvarandre både i ordtilfang, grammatikk og fonologi, finst det forskarar – til dømes Salem Chaker (sjå litteraturlista) – som meiner det berre finst eitt berbersk språk med ulike dialektar. Kossmann meiner det er å gå for langt, fordi den språklege variasjonen innanfor berbersk er like stor som i den germanske eller den romanske greina av indoeuropeisk. Men det er vanskeleg å fastsetje talet på berberske språk, nettopp fordi dialektane stort sett glir gradvis over i kvarandre over heile språkområdet.

Eit problem med å fastsetje talet på språk er at det ikkje finst språkvitskaplege kriterium for å avgjere om to språkvariantar er to dialektar av same språket eller dialektar av forskjellige språk. Når ein tel språk i eit dialektkontinuum, tel ein som regel standardiserte skriftspråk, og det finst få slike mellom dei berberske språka, med unnatak av dei heilt nye marokkansk amazigh og algerisk amazigh (sjå meir i avsnittet Status).

Ein kan ein dele inn dei ulike hovudvariantane av berbersk reint geografisk på denne måten, om ein berre tek med levande variantar:

  • Mauritania: zenaga (tuẓẓungiyyä)
  • Marokko: tasjelhijt (sjilha, chleuh, shluh), tamazight (beraber), tarifijt (rifi, rifisk), aust-rifisk (beni iznasen), figig (figuig)
  • Algerie: beni snus, sjenwa (chenoua), taqbajlit (kabylisk), sjawia (chaouia), wargla, mzab, gurara
  • Tunisia: dsjerba
  • Libya: dsjebel nefusa, ghadames, awdsjila
  • Egypt: siwa (siwi, siwisk)
  • Sahel og Sahara: ulike tuaregiske språk i Algerie (tamahak), Mali (tamasjek), Burkina Faso (tamasjek) og Niger (tamazjak, tamazjek)

Berberologane er ikkje samde om korleis dei berberske variantane skal delast i ulike greiner på eit historisk grunnlag, men zenaga skil seg på fleire punkt så sterkt frå annan berbersk at denne varianten truleg utgjer den eldste greina, slik at alle dei andre variantane utgjer den andre greina. Det er vanleg å samle variantane i Marokko og Algerie (bortsett frå tuaregisk) i ei nordleg gruppe.

Status

Inntil heilt nyleg var det berre i Mali, Burkina Faso og Niger at berberske språk blei offisielt godkjende. I Marokko og Algerie har styresmaktene tradisjonelt ikkje godkjent eksistensen av berberske språk, men i 2011 (i Marokko) og 2016 (i Algerie) fekk dei berberske språka offisiell status.

I 2001 blei det i Marokko skipa eit Institut royal de la culture amazighe 'Det kongeleg instititt for amazighisk (berbersk) kultur'. Dette instituttet har utvikla eit standardisert berbersk/amazighisk, og på dette språket heiter instituttet Asinag Ageldan n Tussna Tamaziɣt ⴰⵙⵉⵏⴰⴳ ⴰⴳⵍⴷⴰⵏ ⵏ ⵜⵓⵙⵙⵏⴰ ⵜⴰⵎⴰⵣⵉⵖⵜ. Standardisert amazighisk, også kalla marokkansk amazighisk, Tamaziɣt n Lmeɣrib ⵜⴰⵎⴰⵣⵉⵖⵜ ⵏ ⵍⵎⵖⵔⵉⴱ, byggjer på dei tre hovudvariantane av berbersk i Marokko, det vil seie tajelhijt, tamazight og tarifijt.

I 2017 blei det oppretta eit Académie algérienne de la langue amazighe 'Det algeriske instituttet for amazighisk språk', som arbeider med å utvikle eit standardisert algerisk berbersk/amazighisk, og på dette standardiserte skriftspråket heiter akademiet Takadimit Tazzayrit n Tutlayt Tamaziɣt ⵜⴰⴽⴰⴷⵉⵎⵉⵜ ⵜⴰⵣⵣⴰⵢⵔⵉⵜ ⵏ ⵜⵓⵜⵍⴰⵢⵜ ⵜⴰⵎⴰⵣⵉⵖⵜ.

Både det marokkanske og det algeriske standardspråket blir skrive med ny-tifinagh, ei modernisert utgåve at den gamle tifinagh-skrifta, som vist i eksempla i avsnitta ovanfor.

Skrift og historie

Berberske språk blir skrivne med tre ulike alfabet: det arabiske alfabetet, det latinske alfabetet og tifinagh.

I det sørlege Marokko har det vore ein samanhengande berbersk skrifttradisjon i arabisk skrift frå 1000-talet og fram til våre dagar. Lange tekstar frå og med 1500-talet gir mykje informasjon om eldre stadium av tasjelhijt.

Det finst eldre innskrifter som òg blir knytte til berbersk språk, nemleg dei mange tusen såkalla libyske eller libysk-berberske innskriftene, som er hogde i stein. Det er skrivne i eit eige alfabet og skriv seg frå tidsrommet frå 800 fvt. til dei første hundreåra evt., og er funne over heile Nord-Afrika, medrekna Kanariøyane, men mest i det noverande Tunisia. Trass i den store mengda med innskrifter er det vanskeleg å klassifisere det språket dei er skrivne i, fordi innskriftene er så korte. Det er usikkert om språket er berbersk eller eit no utdøytt språk som var ein nær slektning av den tidas berbersk. Opphavet til den libyske / libysk-berberske skrifta er òg usikker, men somme set ho i samband med den fønikiske skrifta som blei nytta i fønikiske busetnader i Nord-Afrika; jamfør artikkelen fønikisk. Den libysk-berberske skrifta gjekk av bruk i Nord-Afrika, men levde vidare mellom tuaregane, som kallar ho tifinaɣ, eit ord som truleg er i slekt med gresk Φοινίκη Phoiníkē 'Fønikia', Φοῖνiξ Phoîniks 'fønikar' og latin pūnicus 'fønikisk', 'punisk', 'kartagisk'.

Det latinske alfabetet blir nytta for å skrive taqbajlit (kabylisk), og dette er den mest brukte skrifta i vitskapleg litteratur om berberske språk.

Sidan 1980-talet har berberske aktivistar, først i Algerie og kort tid etter i Marokko, nytta skrifta ny-tifinaɣ (ny-tifinagh), ei modernisert utgåve av tifinaɣ-skrifta til tuaregane. Ny-tifinaɣ er den skrifta som òg blir nytta for å skrifta dei standardiserte skriftspråka marokkansk amazigh og algerisk amazigh, som er omtala i avsnittet Status ovanfor.

Språksystem

Strukturen i berbersk er illustrert med døme frå tamazight, som blir snakka i Midtre Atlasfjella i Marokko.

Leddstilling

I dei fleste eller alle berberske språk dominerer leddstillinga VSO, det vil seie verbal+subjekt+objekt. Her er ei setning som illustrerer dette:

verbal subjekt objekt
iara urgaz tabrat
skreiv mann brev
'Mannen skreiv brevet'

Nomenfrasen

I nomenfrasen står kjernen (hovudet) først og er følgd av ulike adledd (attributtar), som kongruerer med kjernen i tal (numerus) og genus (grammatisk kjønn), som vist i døma under. Izm og abrbaš i første dømet tyder høvesvis 'hannløve' og 'stripete':

  • izm abrbaš 'stripete (hann)løve'
  • tizmt tabrbašt 'stripete løvinne'
  • izmawn ibrbašn 'stripete (hann)løver'
  • tizmawin tibrbašin 'stripete løvinner'

Også eit preposisjonsuttrykk kjem etter kjernen, som i denne eigedomskonstruksjonen med genitiv-preposisjonen n og substantiva ixf 'hovud' og izm 'løve':

  • ixf n izm 'hovudet til løva'

Substantivet

Eit berbersk substantiv har fire bøyingsformer, her vist med substantiva alrrum '(hann)kamel' og talrrumt 'ho-kamel'. Det er to genus, hankjønn (maskulinum) og hokjønn (femininum). I mange tilfelle finst det eit hankjønnsord og eit hokjønnsord med same stamme, som -lrr(u)m- i desse eksempla:

- eintal fleirtal
uavhengig form (état libre, état absolu) alrrum ilrrman
avhengig form (état d'annexion, état construit) ulrrum ilurrman
- eintal fleirtal
uavhengig form (état libre, état absolu) talrrumt tilrrmin
avhengig form (état d'annexion, état construit) tlrrumt tlrrmin

Skiljet mellom ei uavhengig form finst truleg i alle berberske språk bortsett frå zenaga. Den uavhengige og den avhengige forma er ikkje forskjellige ved alle substantiv, men først og fremst ved hankjønnsord som tek til med a- og hokjønnsord som tek til med ta- eller ti- i uavhengig eintal.

Dei tre viktigaste bruksmåtane av den avhengige forma er:

  1. Eit subjekt som står rett etter verbet, har avhengig form. Urgaz i setninga iara urgaz tabrat 'mannen skreiv brevet' ovanfor er avhengig form av argaz 'mann'. Ein kan setje subjektet framfor verbalet for å leggje vekt på det, og då står subjektet i uavhengig form, til dømes Argaz iara tabrat '(det var) mannen (som) skreiv brevet'.
  2. Eit substantiv som står etter ein preposisjon, har som regel avhengig form, som i tabrat n urgaz 'brevet til mannen', der preposisjinen n uttrykkjer genitiv.
  3. Eit substantiv som står etter eit talord, har avhengig form, som i yiwen urgaz 'ein mann', der yiwen tyder 'ein'.

Verbet

Verbet blir bøygt i l. (indikativ og imperativ), aspekt (perfektiv og imperfektiv) og diatese (aktiv og passiv). Det finst to typar imperfektiv, progressiv og habitualis. Verbet kongruerer (blir samsvarsbøygt) med subjektet. Verbet uttrykkjer også objektet når det ikkje er ein nomenfrase og vi på norsk brukar pronomen. Det finst òg infinitte former som infinitiv og partisipp.

I eksempelet nedanfor er verbstammen -zra- 'sjå', mens prefikset i- fortel at subjektet er i 3. person hankjønn eintal (jamfør i-ara 'han skreiv' i setninga lenger oppe) og suffikset -tt at det direkte objektet er i 3. person hokjønn eintal:

  • izratt = i-zra-tt 'han såg henne'

Også det indirekte objektet kan uttrykkjast på verbet, som i eksempelet under, der stamma -fi- 'gi' har suffika (subjekt i 1. person eintal), -ak (indirekte objekt i 2. person hankjønn eintal) og -t (direkte objekt er i 3. person hankjønn eintal):

  • fiɣakt = fi-ɣ-ak-t 'eg gav deg han'

Imperfektiv er uttrykt med prefiks på verbet, ar- for progressiv og da- for habitualis:

  • ar-i-ara 'han held(t) på og skriv/skreiv'
  • da-i-ara 'han brukar/brukte å skrive'

Ulike namn på berberske språk og berbersktalande folk

Det norske adjektivet berbersk er danna av substantivet berber, som via spansk og fransk kjem av arabisk al-barbar البربر 'berberane'. Al-barbar blei brukt av arabiske geografar i mellomalderen om ikkje-arabiske folkeslag vestanfor og sønnanfor Egypt, men i nyare tid, iallfall sidan 1500-talet har ordet blitt brukt om dei nordafrikanske folka vi kallar berberar.

Det er ulike oppfatningar om opphavet til det arabiske barbar. Det tradisjonelle synet er at det kjem av klassisk gresk bárbaroi βάρβαροι 'barbarar (folk som ikkje snakkar gresk)', fleirtal av bárbaros βάρβαρος 'utanlandsk, ikkje-gresk' eller frå latin barbari, fleirtal av barbarus 'utanlandsk, ikkje-romersk', som er lånt frå gresk.

Ifølgje ein alternativ hypotese er barbar ei omdanning av bavares (med variantane babares og baveres), det latinske namnet på ei berbersk stamme som budde i den romerske provinsen Mauritania Caesariensis (i det noverande Algerie) frå 200-talet til 400-talet etter vår tidsrekning.

Ordet berber blir ikkje brukt som endonym (sjølvnemning) av nokon berberske grupper. I det midtre Marokko brukar ein ord som byggjer på stamma -maziɣ-, som vist i desse døma, der bindestrekane er sette til for å vise den morfologiske strukturen i orda:

  • a-maziɣ 'berbersk mann'
  • i-maziɣ-en 'berberske menn'
  • ta-maziɣ-t 'berbersk kvinne; berbersk språk'
  • ti-maziɣ-in 'berberske kvinner'

Det går att i alle berberske språk at ordet for 'berbersk kvinne' og 'berbersk språk' er det same. I det sørlege Marokko går språket under namnet ta-šlħiy-t 'språket tasjlhit' og i Nord-Marokko, i Rif, heiter det ta-rifiy-t 'det rifiske språket'. I Kabylia heiter det ta-qbayli-t 'det kabyliske språket', med same stamma som i I-qbayli-yen 'Kabylia'. På tamasjek heiter det tă-mašăɣ-t (uttalt [tɑˈmɑːʃɑqː]) med stamma -mašăɣ-, som er etymologisk i slekt med -maziɣ- i ta-maziɣ-t.

Politiske medvitne berberar i Marokko og Algerie har teke i bruk amaziɣ og tamaziɣt som generelle nemningar for 'berber' og 'berbersk språk'. På fransk brukar ein då formene Amazigh (substantiv, eintlal og fleirtal) og amazigh / amazigh (adjektiv, hankjønn og hokjønn), på engelsk Amazigh (substantiv og adjektiv) og på arabisk ʔamāzīɣ أمازيغ (substantiv) og ʔamāzīɣī أمازيغي (adjektiv). På norsk kan ein bruke amazigh eller amasig (substantiv) og amazighisk eller amasigisk (adjektiv).

Norske nemningar for berber og berbersk

Tradisjonelt har vi brukt desse substantiva og adjektiva på norsk:

  • Nynorsk: ein berber, fleire berberar; berbersk
  • Bokmål: en berber, flere berbere; berbersk

På fransk brukar dei Berbère (substantiv) og berbère (adjektiv), på tysk Berber (substantiv) og berberisch (adjektiv) og på engelsk Berber (substantiv og adjektiv). Desse orda har det til felles at dei har rota berber-.

På bokmål har berber folkeetymologisk av somme blitt analysert som rota berb- pluss suffikset -er, som i tyrk-er. På dette grunnlaget blei det laga eit nytt adjektiv berb-isk, parallelt med tyrk-isk, jamfør «berbiske ryttere» i Aftenposten 1954/357/1/6–7. På nynorsk blei då substantivet berb-ar, som tyrk-ar. Desse nye formene blei godkjende av Norsk språkråd (det som no heiter Språkrådet) på 1980-talet. I 2021 vedtok Språkrådet at berbisk skulle bytast ut med det tradisjonelle berbersk. Den nynorske substantivforma berbar står framleis ved lag, men i denne artikkelen brukar vi den tradisjonelle forma ein berber.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Abdallah Boumalk: Manuel de conjugaison du tachelhit. Paris 2003.
  • Abdallah El Mountassir: Initiation au tachelhit, langue berbère du sud du Maroc. Ra nsawal tachelhit. Paris 1999.
  • Camille Lacoste-Dujardin: Dictionnaire de la culture berbère en Kabylie. Paris 2005.
  • Ernest T. Abdel-Massih: A reference grammar of Tamazight (Middle Atlas Berber). Anna Arbor 1971.
  • Fatima Sadiqi: Grammaire de berbère. Paris / Montréal 1997.
  • Fatima Sadiqi and Moha Ennaji: A grammar of Amazigh. Fès 2004.
  • Jeffrey Heath: A grammar of Tamashek (Tuareg of Mali). Berlin / New York 2005.
  • Kaddour Cadi: Système verbal rifain. Paris 1987.
  • Kamal Naït-Zerrad: Grammaire moderne du kabyle. tajerrumt tatrart n teqbaylit. Paris 2001.
  • Maarten Kossmann: Berber. Kapittel 2 i The Afroasiatic Languages (Edited by Zygmunt Frajzyngier and Erin Shay). Cambridge 2012.
  • Michel Quitout: Grammaire berbère (rifain, tamazight, chleuh), kabyle). Paris 1997.
  • Mohamed Elmedlaoui: Berber. S. 131–198 i Semitic and Afroasiatic: Challenges and opportunities. (Edited by Lutz Edzard.) Wiesbaden 2012.
  • Rolf Theil Endresen: Berbersk-norsk kontrastiv grammatikk. S. 95–154 i Med to språk (redigert av Anne Hvenekilde). Oslo 1990.
  • Salem Chaker: Manuel de linguistique berbère I–II. Alger 1991–1996.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg