Berberisblomster
Berberisblomster
Berberisblomster
Av /Shutterstock.

Vanleg berberis. Blomsterklase og bær.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Berberis er ei slekt av buskar i berberisfamilien. Det finst 450 artar, men berre éin, vanleg berberis, Berberis vulgaris, finst viltveksande i Europa.

Faktaboks

Uttale
bˈerberiss
Vitskapeleg namn
Berberis
Beskriven av
Carl von Linné

Skildring

Berberis blir éin til to meter høg, har gule blomsterklasar og raude, saftfulle bær som er rike på vitamin C. Busken har to slags kvistar: langskot med gul ved og med blad danna om til tornar, og kortskot med kvasstagga blad. I Noreg er vanleg berberis forvilla og naturalisert i småskog og på bakkar nord til Trøndelag.

Blomsterbiologien er svært spesiell. Når eit insekt kjem borti innsida av ein pollentråd, blir det utløyst ein refleks som gjer at pollenknappen opnar seg og blir kasta innover. Slik får insektet pollen på ryggen og kan føre det med seg til neste blomster.

Bruk

Tørka berberis

Tørka berberisbær blir nytta i det iranske kjøkkenet (under namnet zereshk) og det afghanske kjøkkenet. Bæra gir ein syrleg smak og blir først og fremst brukte til å setje smak på risrettar med lam og kylling.

Tørka berberis
Av /Shutterstock.

Tørka berberisbær blir nytta i det iranske og afghanske kjøkkenet. Bæra gir ein syrleg smak og blir først og fremst brukt til å setje smak på risrettar med lam og kylling. Friske bær blir nytta til syltetøy og saft.

I Nord-India blir bæra brukte i pickles, curry-rettar og dessertar. I Russland blir bæra nytta til å setje smak på sukkertøy og andre søtsaker.

Berberisbæra inneheld store mengder C-vitamin. Dei skal vere appetittfremjande og ha mildt avførande verknad.

Historikk

I eldre tid var vanleg berberis ein viktig medisinplante og var ofte planta i hagar og urtegardar. Til Noreg kom planten på 1600-talet.

I dag blir berberis først og fremst dyrka i Iran. Tidlegare blei det drive utstrekt dyrking av busken også i Europa, men fordi han er mellomvert for ein rustsopp som også angrip korn, blei det på 1800-talet innført forbod i fleire europeiske land mot dyrking av berberis i nærleiken av kornåkrar. Frå 1916 blei det derfor forbode å plante vanleg berberis i Noreg. Seinare er dette forbodet oppheva av Mattilsynet.

Berberisartane som blir planta her i landet, bør vere immune eller resistente mot svartrust. Den vanlegaste arten er japanberberis, B. thunbergii, som stammar frå Japan, og ein varietet av han, blodberberis, B. thunbergii varietet atropurpurea.

I Sør-Amerika finst det to artar av berberis som er kjende som calfate (Berberis buxifolia) og michay (Berberis darwinii). Bær frå desse blir brukt til saft og syltetøy. Bæra er eit nasjonalsymbol for Patagonia (Chile), og legenda seier at alle som et calfate, ein gong vil vende tilbake til landet.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

berberis
Berberis
Artsdatabanken-ID
102993
GBIF-ID
3033893

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg