barlog

Barlog er det same som maltvatn, det vil seie vatn som bygg blir bløytt i når ein lagar malt.

Faktaboks

etymologi:

av norrønt barr 'korn, bygg' og lǫgr 'væske, saft, vatn'

også kjent som:
i somme dialektar barlaug eller ballog

Førsteleddet, bar-, er det same som i engelsk barley, og det andre, -log, er same ordet som i elvenamnet Lågen.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg