Barlind. Øvst: Ein kvist med moden frøkappe og frø.

Lisens: Avgrensa gjenbruk

Barlind er eit eviggrønt bartre i barlindfamilien som kan bli opptil 15—20 meter høgt. Heile planta, bortsett frå frøkappa, er giftig.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Taxus baccata
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
VU – Sårbar
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Skildring

Ei barlind kan bli 15—20 meter høg i Noreg. I land lenger sør kan ho bli opptil 28 meter. Barlinda har hard og seig ved, raudbrun kjerneved og gulkvit yteved, flisete bork og flate kvister. Borken er brun. Konglene sit enkeltvis i bladhjørna, lysgule hannkongler (pollenkongler) på eitt tre, grøne hokongler (frøkongler) på eit anna, det vil seie at arten er særbu. Frøet er beinhardt og omgitt av ei til slutt vakkert skarlaksraud frøkappe (arillus).

«Nålene», som også blir kalla blad, er 1,5—4 cm lange. Dei er mjuke og stikk ikkje slik som nålene på våre tre andre bartreslag i Noreg. Oversida på nålene er mørkegrøne og blanke. Nålene sit på kvisten i opptil 8 år.

Barlind.
Barlind har mjuke, blanke «nåler» eller blad som dei også blir kalla. Dei sit på kvisten opptil 8 år før dei fell av.

Utbreiing

Barlind finn vi viltveksande i Kaukasus, Nord-Afrika, Vesleasia og i Europa. I Noreg veks barlind i lier og under berghamrar på Sør- og Vestlandet nord til Molde, på Austlandet enkelte stader nord til Feiring og Krødsherad. Barlind har vore sterkt utnytta langt tilbake i tid. Dette har ført til problem for arten, og treslaget har hatt større geografisk utbreiing tidlegare. På norsk raudliste 2021 er barlind oppført som sårbar (VU). Det er oppretta fleire naturreservat for å bevare barlindførekomstar.

Dei største og eldste barlindtrea i Skandinavia finst truleg ved Varaldsøy og Ålvik i Hardanger. Det geografiske namnet Barlinddalen finst ifølge Norgeskart på 12 forskjellige stader i Noreg. Namnet har heilt klart opphav i førekomstar av barlind.

Barlinda kan bli svært gammal, i England veks tre som er over 2000 år gamle. Fullt så gamle tre er ikkje registrerte i Noreg, men også dei norske kan få svære stammar. På Vestlandet finst tre som i brysthøgd har ein omkrins på 4 meter, og i Hordaland finst der over 100 barlindtre som har ein omkrins på over 2 meter.

Barlind veks langsamt, er svært skuggetålande, og blir best utvikla på kalkrik jord. Treslaget toler godt skjering. Stammeskiver av barlind viser at tre med heller liten diameter kan vere svært gamle. Det er registrert tre der stammeskivene har vore berre 11 cm i diameter, men med 138 årringar.

Giftigheit

Alle delar av planten, så nær som frøkappa, er giftige, fordi dei innheld det sterkt giftige alkaloidet taxin. Særleg hest og sau et av barlinda og blir forgifta. Det er også registrert barlindforgifting hos elg. I tidligere tider har barlind ikkje blitt rekna som giftig for drøvtyggarar som eksempelvis storfe, så lenge dyra ikkje fekk i seg store mengder. Barlind har faktisk blitt gitt som reservefor i vårknipa. Men det er også registrert at ein okse som var bunde til eit barlindkjerr døydde på grunn av forgifting. Han hadde da store mengder barlind i vomma.

Rådyr kan beite mykje på barlind om vinteren, og dei ser ut til å tole dette godt. Også elg og hjort beiter på barlind, men det er truleg mengda dei får i seg som avgjer eventuell giftverknad.

Under hogst og bearbeiding av virket kan det moglegvis vere behov for å vere ekstra beskytta mot å puste inn av støv frå dette trevirket, som inneheld giftstoffet taxol.

Statistikk

Ifølge Landsskogtakseringa er årleg tilvekst av barlind på skogsmark 783 kubikkmeter. Skogsmark tyder her område der det kan drivast økonomisk skogbruk (verna område er altså ikkje medrekna). I tillegg skal ein på skogsmark kunne produsere minst 0,1 kubikkmeter trevirke per dekar (1000 kvadratmeter) og år.

Ståande kubikkmasse, altså volumet av alle barlindtrea i landet, er berekna til over 42 000 kubikkmeter.

Ved

Yteveden er smal og heilt lys. Kjerneveden er mørk raudbrun, men kan variere fra lys brun til mørkebrun, ofte med fiolette striper. Det er lett å sjå dei godt synlege årringane. Innhaldet av taksin gjer treslaget svært varig, og det reknas blant dei mest varige bartreslaga i Europa.

Tettleiken (densiteten) ved 15 prosent fukt er om lag 0,70 g/cm³. Veden er seig og bøyeleg og svært haldbar. Trevirket er utan lukt.

Bruk

Taxus baccata

Taxus baccata, barlind. Foto frå: Den Jyske Skovhave, Rold Skov

Barlind har ein helt spesiell tilknyting til hagehistoria i sørlegare land. Skjering vinterstid tolest godt, og treslaget skyt raskt nye skott. Barlind var svært populær i hageanlegg i renessansen til forming av figurar, søyler og kjegler.

Treslaget blir brukt ein del til spesielle føremål som vevskytler, teikneutstyr og instrument, eller til kunstgjenstandar.

Barlind kan blant annet benyttes som erstatning for det tropiske treslaget ibenholt, dette gjelder også til instrumenter. I gammal tid vart barlind brukt til pilbogar (norrønt ýr betyr både barlind og boge). Heilt fram til 1900 vart det skote vågekval med bogar av barlind i skjergarden utanfor Bergen. Elles blir mindre tre brukte til hesjestaur, og veden av større tre til kjerald og reiskapar. Bastet er seigt og har vore brukt til tau på same måten som bastet av lind, derav namnet barlind. Av barlind kan ein vinne ut stoffet taxol, som blir brukt i kreftbehandling.

Trevirket er svært motstandsdyktig mot råtesoppar, til liks med einer. Barlind har derfor blitt ein del nytta til gjerdepålar. Det mjuke og dekorative baret har over ein lang periode blitt nytta til kransar og andre dekorasjonar. I eldre tider var det vanleg at skogsarbeidarar som jobba i område med barlind avslutta den vanlege hogsten nokre veker før jul og gjekk over på hausting av barlind, for sal til juledekorasjonar. Dette gav arbeidarane betre forteneste enn vanleg hogstarbeid. I utlandet finst fleire former av barlind. Pyramide-barlind (var. fastigiata eller hibernica) er ein svært vakker og dekorativ varietet som ofte blir planta i hagar og parkar. Denne varieteten har smal krone og stivt opprette greiner.

Da barlind har høg eigenvekt inneheld treslaget mykje energi per volumeining. Ein fastkubikkmeter med barlind ved 17 prosent fukt inneheld brutto 3119 kilowattimar (kWt). Dette er 20 prosent meir enn bjørk. Av norske treslag er det berre kristtorn som inneheld meir energi per volumeining med sine 3509 kWt per fastkubikkmeter ved same fuktprosent.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

barlind
Taxus baccata
Tidlegare vitskapleg namn
Taxus tardiva (Siebold ex Endl.) C.Lawson
Artsdatabanken-ID
103834
GBIF-ID
5284517

Kommentarar (2)

skreiv Janicke Getz

Innholdsrik artikkel om barlind :)

Jeg tenkte likevel at jeg burde nevne at jeg i flere kilder har lest at barlind er en giftig plante, både i bær og nåler og ved. Jeg velger likevel å sende kun en link, og viser til Naturhistorisk museum via http://www.nhm.uio.no/fagene/botanikk/karplanter/dagny-tande-lid/56-taxus-baccata.html.

Der mangler mye av den informasjonen denne artikkelen er rik på. Den kan vel kanskje best beskrives som ufullstendig :) Men giftig er den, barlinden :) Verdt å ha med, særlig for hestene!

Vennlig hilsen
Janicke Getz

svarte Redaksjonen i Store norske leksikon

Hei,takk for kommentar, det sto forsåvidt at barlind er giftig ("inneholder det giftige alkaloidet taksin"), men vi har endret litt på teksten slik at giftigheten forhåpentligvis kommer tydeligere frem.Vennlig hilsenredaksjonen for naturfag

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg