Bandgrind frå Hornindal
Av .

Bandgrind er ei ramme brukt til å veve smale band med. Veven har vertikale spiler som har eit hol på midten. Renninga har botn- og mønstertrådar som blir trædde gjennom grinda i eit gitt system.

Faktaboks

Også kjend som
vevgrind

Ramma blir tredd med trådar både i hola og mellom spilene, slik at ein ved å heve og senke ramma mellom kvart innslag kan få ein vevnad i toskaftbinding. Denne teknikken med eitt skaft er bakgrunnen for uttrykket einskjefta.

Grinda kan òg ha to hol i kvar spile, og med ulike teknikkar kan ein få til ulike mønster i bandet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg