Baggerslag
Baggerslag
Av .

Baggerslag er eit mottaksslag i volleyball, og vanlegvis det første slaget etter serve. Baggerslag blir og brukt i forsvar, når ballen kjem lågt og raskt over nettet. Det er eit slag der ballen treffer begge underarmane samstundes. Ballen går så opp mot nettet og ein medspelar, som ved hjelp av eit fingerslag legg ballen til rette for eit angrepsslag.

I eit baggerslag skal spelaren treffe ballen med strake armar og helst få han høgt opp i lufta og til ein medspelar. Vidare kan spelarane på laget bruke eit nytt baggerslag, fingerslag eller smashe.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg