Bøying er i grammatikken endring av forma til eit ord for å gi uttrykk for grammatiske forhold, som eintal og fleirtal av eit substantiv (bok, bøker) eller notid og fortid av eit verb (kastar, kasta).

Faktaboks

Uttale
bˈøying
Etymologi

omsett frå latin flexiō 'bøying, fleksjon', av verbet flectō 'bøye, krøkje, endre'

Også kjend som

fleksjon

Her er nokre fleire eksempel på bøying:

1. Norske substantiv blir bøygde i tal (numerus) og binding (bestemtheit):

  • jente, jenta, jenter, jentene
  • hus, huset, hus, husa

2. Norske adjektiv blir bøygde i tal (numerus), genus (grammatisk kjønn), binding (bestemtheit) og grad:

  • liten, lita, lite, vesle, små, mindre, minst, minste
  • fin, fint, fine, finare, finast, finaste

Bøyingsmønster (paradigme) og stamme

Ei liste over alle bøyingsformene til eit ord kallar ein bøyingsmønstereteller paradigmet til ordet. Ovanfor står paradigma til substantiva jente og hus og adjektiva liten og fin.

Ved regelrett bøying kan ein identifisere ei stamme:

  • Stamma er det som er felles for alle bøyingsformene i eit regelrett bøyingsmønster.

Dei fire substantiva jente, gut, eple og hus har med andre ord stammene jent-, gut-, epl- og hus-, her vist med ein bindestrek mellom stamme og bøyingssuffiks:

  • jent-e – jent-a – jent-er – jent-ene
  • gutgut-en – gut-ar – gut-ane
  • epl-e – epl-et – epl-e – epl-a
  • hushus-et – hushus-a

Bøying i motsetnad til avleiing

Ord endrar ikkje form berre i samband med bøying, men også i samband med avleiing. Bøying har å gjere med grammatikken i eit språk, mens avleiing har å gjere med orddanning og ordtilfang (ordforråd).

Her er bøyingsmønsteret til det norske substantivet alder:

  • alder, alderen, aldrar, aldrane

Ved å leggje -dom til alder, får vi eit nytt substantiv alderdom med si eiga bøying:

  • Avleiing: alder + dom ⇒ alderdom
  • Bøying: alderdom, alderdomen, alderdomar, alderdomane

-dom er eit suffiks som blir brukt til avleiing, mens -en, -ar og -ane er suffiks som blir brukte til bøying.

Det er ikkje alltid lett å avgjere kva som er bøying og kva som er avleiing, men denne regelen kan langt på veg brukast til å identifisere bøyingsformer:

  • For kvar bøyingsform finst det minst éin grammatisk konstruksjon der ho er obligatorisk.

Dette er vist i innleiinga med særskilde bøyingsformer av norske substantiv og adjektiv og engelske verb. Her er eit eksempel til, med substantivet bil og possessivet min:

  • bilen min
  1. Når eit substantivet står føre eit possessiv, må det ha bunden (bestemt) form. Derfor heiter det bilen min og ikkje «bil min».
  2. Når possessiver i 1. person eintal står til eit hankjønnssubstantiv i eintal, må det sjølv dere bøygt i hankjønn eintal. Derfor heiter det bilen min og ikkje «bilen mi» eller «bilen mitt».

Nokre typar bøying har eigne namn

Det finst namn på nokre forskjellige typar bøying:

  • deklinasjon – bøying i nominale kategoriar som tal (numerus), kasus og binding (bestemtheit). Jamfør latin dēclīnātiō ‘bøying til sida’
  • gradbøying eller komparasjon – bøying i den adjektiviske kategorien grad. Jamfør latin comparātiō ‘samanstilling, jamføring’
  • konjugasjon – bøying i verbale kategoriar som modus, tid (tempus) og diatese. Jamfør latin coniugātiō‘ordslektskap, ordskyldskap’

Bøyingsmekanismar

Under bøyinga av eit ord blir det lagt vokalar og konsonantar til stamma, eller det skjer endringar med vokalane og konsonantane i stamma. Dette kan kallast bøyingsmekanismar. Eit tillegg av vokalar og konsonantar blir kalla affiks, og ei endring av vokalar og konsonantar blir kalla modifikasjon.

Affiks

I bøyingsformene til substantiva jente, gut og eple finn vi ikkje berre ei stamme, men også vokalar og konsonantar som er lagde til stamma. Desse tillegga kallar ein affiks, av latin affīxum eller adfīxum, som tyder '(som er) festa til'. Med andre ord har vi desse affiksa i bøyingsmønstera over:

  • jente: -e, -a, -er, -ene
  • gut: -en, -ar, -ane
  • eple: -e, -et, -e, -a
  • hus: -et, -a

Bøyingsmønsteret til substantiva gut og hus viser at det finst bøyingsformer utan affiks. Vi skil mellom stammene gut- og hus- og orda gut og hus.

Som nærmare beskrive i artikkelen om affiks, finst det tre typar av dei, som har namn etter kvar dei står i høve til stamma:

  • Suffiks står føre stamma
  • Prefiks står etter stamma
  • Infiks står inne i stamma

Modifikasjon

Ikkje all bøying skjer ved tillegg av affiks. Eit vanleg alternativ er modifikasjon, som inneber ei endring av vokalar eller konsonantar i stamma. Verbet modifisere tyder nettopp ‘gje ei litt anna form’. Modifikasjon kan illustrerast med dei norske substantiva bok og mann:

  1. mann – mann-en – menn – menn-ene
  2. bok – bok-a – bøk-er – bøk-ene

Når vi bøyer substantivet mann, legg vi til affiksa -en og -ene i dei bundne (bestemte) formene, og i tillegg endrar vi stammevokalen (vokalen i stamma) frå a til e i fleirtal. Endringa av stammevokalen frå a til e er eit eksempel på modifikasjon. Den ubundne (ubestemte) fleirtalsforma menn har ingen affiks, berre modifikasjon. Den bundne fleirtalsforma mennene har både affiks og modifikasjon.

Når vi bøyer substantivet bok, legg vi til affiksa -a, -er og -ene, og i tillegg endrar vi stammevokalen frå o til ø i fleirtalsformene. Endringa av stammevokalen frå o til ø er eit anna eksempel på modifikasjon. Fleirtalsformene bøker og bøkene har både affiks og modifikasjon.

Bøyingskategoriar og bøyingstrekk

Norske substantiv blir bøygde i tal (numerus) og binding (bestemtheit). Tal og binding er bøyingskategoriar. Innanfor ein bøyingskategori skil vi mellom ulike bøyingstrekk.

I bøyingskategorien tal skil norsk mellom bøyingstrekka eintal og fleirtal, og i bøyingskategorien binding (bestemtheit) er det eit skilje mellom ubunden (ubestemt) og bunden (bestemt).

Ein annan bøyingskategori som finst i fleire europeiske språk, er kasus. Dei germanske språka som bøyer substantiva i kasus, som islandsk, har bøyingstrekka nominativ, akkusativ, dativ og genitiv i denne bøyingskategorien.

Dette kan oppsummerast slik:

  • Bøyingskategorien tal (numerus) har i norsk desse bøyingstrekka:
    • eintal (singularis)
    • fleirtal (pluralis)
  • Bøyingskategorien binding (bestemtheit) har desse bøyingstrekka:
    • ubunden (ubestemt)
    • bunden (bunden)
  • Bøyingskategorien kasus har i islandsk desse bøyingstrekka:
    • nominativ
    • akkusativ
    • dativ
    • genitiv

Meir om bøying i norsk

Dei ordklassane som blir bøygde på norsk, er først og fremst substantiv, adjektiv og verb. I tillegg finst det ein del svært uregelrett bøying av pronomen og determinativ. Dette avsnittet er ein presentasjon av nokre vanlege bøyingsmåtar av substantiv, adjektiv og verb.

Substantiv

Norske substantiv blir bøygde i to bøyingskategoriar, tal (numerus) og binding (bestemtheit). Dette kan illustrerast med substantiva jente, gut og hus:

TAL (NUMERUS) BINDING (BESTEMTHEIT) jente gut hus
eintal ubunden jent-e gut hus
eintal bunden jent-a gut-en hus-et
fleirtal ubunden jent-er gut-ar hus
fleirtal bunden jent-ene gut-ane hus-a

Den bundne eintalsforma har eitt av affiksa -a, -en og -et, som er bestemt av genuset (det grammatiske kjønnet) til substantivet. Men genus er ikkje ein bøyingskategori ved norske substantiv, for genuset står fast gjennom heile bøyingsmønsteret. Genuset avgjer i stor grad kva affiks eit substantiv har i fleirtal, som vist i tabellen over.

Adjektiv

Adjektiva har desse bøyingskategoriane:

  • grad, med bøyingstrekka positiv, komparativ og superlativ
  • tal (numerus), med bøyingstrekka eintal (singularis) og fleirtal (pluralis)
  • genus (grammatisk kjønn), med bøyingstrekka hokjønn (femininum), hankjønn (maskulinum) og inkjekjønn(nøytrum).
  • binding (bestemtheit) ), med bøyingstrekka ubunden (ubestemt) og bunden (bestemt)

Skiljet mellom hokjønn (femininum) og hankjønn (maskulinum) er så lite vanleg i adjektivbøyinga at det er praktisk å innføre felleskjønn (commune, utrum) som namn på samanfallet mellom desse to bøyingstrekka.

Trass i at adjektivet blir bøygt i så mange kategoriar, har dei fleste adjektiv berre seks bøyingsformer. Ein strek (–) viser fråvær av ein bøyingskategori.

GRAD BINDING (BESTEMTHEIT) TAL GENUS fin
positiv ubunden eintal felleskjønn fin
positiv ubunden eintal inkjekjønn fin-t
positiv bunden og/eller fleirtal * fin-e
komparativ fin-are
superlativ ubunden fin-ast
superlativ bunden fin-ast-e

Som tabellen viser, blir bøyingskategoriane tal og genus berre brukte i positiv. Binding finst i både positiv og superlativ.

Nokre adjektiv er ubøyelege, som moderne, rotete, lilla og firkanta. Dei har berre éi positiv form, og komparativ og superlativ blir ikkje uttrykte med bøying, men perifrastisk, med adverba meir og mest, til dømes meir moderne, mest moderne. Perifrastisk komparativ og superlativ blir brukt generelt ved relativt lange adjektiv, som engelsk og kontinental. Perifrastiske former er ikkje bøyingsformer.

Nokre få adjektiv skil mellom hokjønn og hankjønn i ubunden eintal, til dømes hokjønn lita mot hankjønn liten. I mange dialektar gjeld det berre dette eine adjektivet.

Verb

Bøying av verb blir kalla konjugasjon. Norske verb har finitte og infinitte former, som blir skilde frå kvarandre ved at dei finitte i motsetnad til dei infinitte har bøyingskategorien modus. Dei finitte formene har desse bøyingskategoriane:

Norske verb har tre finitte bøyingsformer. Indikativformene blir bøygde i tempus:

MODUS TEMPUS leve kaste tru suge
indikativ presens lev-er kast-ar tru-r syg
indikativ preteritum lev-de kast-a tru-dde saug
imperativ lev kast tru sog-e

Det finst to typar infinitte verbformer i norsk: infinitiv og partisipp. Den norske infinitiven har berre éi form. Partisippa har bøyingskategorien anterioritet:

  • anterioritet, med bøyingstrekka imperfektum (kontemporær)og perfektum (anterior)

Imperfektum partisipp har berre éi form, medan perfektum partisipp har dei same bøyingskategoriane som positive adjektiv. Dei infinitte bøyingsformene kan setjast opp slik:

Type ANTERIORITET BINDING TAL GENUS leve suge
infinitiv leve-e sug-e
partisipp imperfektum felleskjønn lev-ande sug-ande
partisipp perfektum ubunden eintal inkjekjønn lev-d sog-en
partisipp perfektum ubunden eintal lev-t sog-e
partisipp perfektum bunden eller fleirtal * lev-de sog-n-e

I norske grammatikkar blir imperfektum partisipp omtala som «presens partisipp». Nokre grammatikkar, som Norsk referansegrammatikk (1997), reknar ikkje denne forma for ei bøyingsform i det heile, men som ein type adjektiv. I eldre grammatikkar – frå antikken og fram til 1700-talet – blir partisipp rekna som ein eigen ordklasse.

Les meir i Store norske leksikon

Litteraturliste

  • Faarlund, Jan Terje, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo. Norsk referansegrammatikk. Oslo: Universitetsforlaget. 1997.
  • Nickel, Klaus Peter. Samisk grammatikk. 2. utgave. Karasjok: Davvi girji. 1994.
  • Simonsen, Hanne Gram og Rolf Theil. Morfologi. Kapittel 11 (s. 249–294) i Språk. En grunnbok av K. E. Kristoffersen, H. G. Simonsen og A. Sveen (red.). Oslo: Universitetsforlaget. 2005.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg