Bøyingsklasse er i grammatikken ei gruppe ord som blir bøygde likt, og annleis enn nokre andre ord i same ordklasse. Til dømes høyrer dei norske verba slite og bite til éin bøyingsklasse, mens fleipe og kaste høyrer til ein annan – jamfør fortidsformene sleit og beit mot fleipa og kasta.

Dei norske (nynorske) substantiva bil og hest høyrer til same bøyingsklasse, sidan dei har dei same bøyingsendingane:

  • bil, bil-en, bil-ar, bil-ane
  • hest, hest-en, hest-ar, hest-ane

Substantiva ven og gjest høyrer til ein annan bøyingsklasse, sidan dei har andre bøyingsendingar i fleirtal:

  • ven, ven-en, ven-er, ven-ene
  • gjest, gjest-en, gjest-er, gjest-ene

Det er fordi det finst fleire måtar å bøye substantiv på, og ikkje berre éin måte, at vi kan snakke om bøyingsklassar.

Bøyingsklassar av verb blir kalla konjugasjonar, medan bøyingsklassar av substantiv blir kalla deklinasjonar. Desse termane er mellom anna vanlege i grammatikkar for gamalgresk, latin og romanske språk som fransk, spansk og italiensk. Men ein kan til dømes også seie at hest og gjest ovanfor høyrer til kvar sin deklinasjon og slite og kaste til kvar sin konjugasjon.

Nokre norske verbale bøyingsklassar

På norsk finst det også fleire bøyingsklassar for verb. Det store skiljet går mellom bøyingsklassane svake verb og sterke verb:

  1. Eit verb er svakt dersom det i preteritum har eit suffiks som inneheld ein vokal, som hopp-a og kjøp-te.
  2. Eitit verb er sterkt dersom det i preteritum ikkje har eit suffiks, som bar og beit, eller dersom det har eit suffiks utan vokal, som held-t.

Dette skiljet kan illustrerast med desse verba:

bøyingsklasse infinitiv presens preteritum perf. part.
svak kast-e kast-ar kast-a kast-a
svak mein-e mein-er mein-te mein-t
svak lev-e lev-er lev-de lev-de
svak tru tru-r tru-dde tru-dd
svak krev-j-e krev krav-de krav-d
sterk hald-e held held-t hald-e
sterk finn-e finn fann funn-e
sterk ber-e ber bar bor-e
sterk bit-e bit beit bit-e
sterk bli bli-r blei bli-tt
sterk lyg-e lyg laug log-e

Som tabellen viser, kan ein dele inn i fleire forskjellige svake og sterke bøyingsklassar. Til dømes er det vanleg å dele dei svake verba i to klassar:

  1. svake klasse: Preteritum har suffikset -a
  2. svake klasse: Preteritum har suffikset -te, -de eller -dde

Også dei sterke verba kan delast i fleire klassar etter vokalen i preteritum. Her er dei tre vanlegaste:

  1. sterke klasse: Preteritum-stamma har diftongen ei
  2. sterke klasse: Preteritum-stamma har diftongen au
  3. sterke klasse: Preteritum-stamma har vokalen a

Bøyingsklassar i latin

I latinske grammatikkar blir bøyinga av substantiv og adjektiv presenterte i fleire nummererte deklinasjonar og verba i fleire nummererte konjugasjonar.

Substantiv og adjektiv

I latinske grammatikkar blir bøyinga av substantiv delte i fem deklinasjonar, og ein ser skilnadene på dei i nominativ og akkusativ eintal for fem hankjønnsord:

Dekl. ⇒ 1 2 3 4 5
'sjømann' 'træl' 'konge' 'frukt' 'dag'
nominativ naut-a serv-us rēx (rēc-s) frūct-ūs di-ēs
akkusativ naut-am serv-um rēg-em frūct-um di-em

Adjektiv blir bøygde etter 1., 2. og 3. deklinasjon.

Verb

Latinske verb blir bøygde i fire konjugasjonar, og ein ser skilnadene på dei i infinitiv (til dømes amāre 'å elske') og 1. person fleirtal presens indikativ (forkorta 1pl. prs. ind.; til dømes amāmus 'vi elskar'):

Konj. ⇒ 1 2 3 4
'elske' 'minne om' 'skrive' 'høyre'
infinitiv am-āre mon-ēre scrīb-ere aud-īre
1pl. prs. ind. am-āmus mon-ēmus scrīb-imus aud-īmus

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg