Bøyemaskin er ei maskin til å bøye stenger, røyr og liknande av metall, oftast i kald tilstand.

Faktaboks

Uttale
bˈøyemaskin

Verkemåte

Emnet blir pressa rundt ei sirkelforma skive, og både presstrinsa og skiva må ha ei slik form at bøyinga ikkje fører til reduksjon eller anna forandring av stongtverrsnittet. Dette er spesielt viktig ved røyrbøying.

Bøyemaskin kan lagast for handdrift når stongtverrsnitta er små, men det vanlege er motordrift, anten direkte eller over eit hydraulisk system.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg