Bereevne eller berekapasitet er den største mengda individ av ein art som kan leva i eit visst område over lang tid. Dette talet vil ofte vera avgrensa av mattilgang.

Faktaboks

Også kjend som

berekapasitet

Forhold som påverkar bereevna

For at ein populasjon skal kunna oppretthalda seg i eit område over lang tid må det produserast nok avkom til å erstatta dei individa som etter kvart døyr. Bereevna til ein art i eit område vil difor vera avhengig av tilgangen til ressursar som individ av arten treng til overleving og reproduksjon. Berekapasiteten er ikkje konstant, men kan endrast av ytre påverknadar som aukar eller minkar mengda ressursar i eit område.

Mat eller næringstilgang er ein viktig faktor for fastsetjing av berekapasitet, men andre ressursar enn næring kan òg vera med på å avgrensa populasjonsstorleiken. Hjå ein del fugleartar er til dømes tilgangen på reirplassar avgjerande for kor stor ein populasjon kan veksa seg. Plass til å veksa kan vera avgrensande for fastsitjande artar som rur og planter.

I praksis vil berekapasiteten til ein art i eit område og avgrensast av andre konkurrerande artar som lever i det same området og utnyttar dei same ressursane.

Populasjonssvingingar rundt bereevna

Når ein populasjon ligg langt under berekapasiteten sin i eit område, vil det vera eit overskot av ressursar tilgjengeleg. Populasjonen vil difor halda fram med å veksa. Etter kvart som populasjonen nærmar seg berekapasiteten vil populasjonsveksten avta. Når ein populasjon vert så stor at han kjem over berekapasiteten, vil det verta ressursmangel. Dette fører til høgare dødelegheit eller lågare reproduksjon, noko som driv populasjonsstorleiken nedover att mot berekapasiteten. På denne måten vil ein ofte sjå at populasjonsstorleiken svingar rundt bærekapasiteten.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg