Flagget til dei australske urfolka
Flagget til dei australske urfolka

Australske språk er dei tradisjonelle språka til dei australske urfolka. Då europearane kom til kontinentet på slutten av 1700-talet, fanst det truleg nærmare 500 australske språk, men mange av dei har døydd ut eller står i fare for å døy ut. Idag er under 20 i vanleg bruk. Det er ikkje påvist slektskap med nokon språk utanfor Australia, og det har heller late seg gjere å samle alle australske språk i éin språkfamilie.

Språka til dei australske urfolka høyrer heime på den australske kontinentet, på øya Tasmania og på øyane i Torressundet mellom Australia og Ny-Guinea. Meriam, språket på dei austlege Torressundøyane, skal vere i slekt med språk på Ny-Guinea og blir ikkje rekna til dei australske språka.

Det har lenge vore vanleg å hevde at det fanst kring 250 australske språk før den europeiske koloniseringa på slutten av 1700-talet, men nye undersøkingar tyder på at talet ligg kring 490.

Klassifiseringa av dei australske språk er sterkt omdiskutert. Dei fleste freistnadene på klassifisering byggjer på ufullstendige data, metodar som mange lingvistar reknar som tvilsame eller feilaktige kriterium. Ein av dei fremste ekspertane på australske språk, R. M. W. Dixon, reknar med mellom 30 og 40 australske språkfamiliar – med frå 2 til 17 medlemer – og eit stort tal med språkisolat, det vil seie enkeltspråk som er utan påvist slektskap med andre språk.

I dag snakkar fleire australske urfolk i det nordlege Australia ikkje lenger australske språk, men i staden kriol, eit engelskbasert kreolspråk, som ikkje blir rekna som eit australsk språk slik uttrykket er definert her.

Historie

Den første innvandringa til Sahul

Kartet viser korleis ein tenkjer seg at den første innvandringa av menneske frå Sunda til Sahul skjedde for 50 000 – 60 000 år sidan.

Av .
Lisens: CC BY-SA 3.0

I tidsrommet frå 125 000 til 11 000 år før notida utgjorde Ny-Guinea, Australia og Tasmania eitt kontinent, som geologane kallar Sahul. For minst 50 000 år sidan – kanskje nærmare 60 000 – kom dei første menneska til Sahul, truleg frå Sunda, den store halvøya som etter siste istid blei til Indonesia og Søraust-Asia.

Opphavleg kan det ha vore slektskap mellom språk på Ny-Guinea og i Australia, men dei har vore så lenge åtskilde at det ikkje lenger er mogeleg å påvise dette. Dei australske språka har også ei så lang historie at det ikkje er mogeleg å bevise felles opphav eller gamalt slektskap mellom alle språka.

Tasmania var like lenge isolert frå Australia, og vi veit lite om språka til dei tasmanske urfolka, som nesten blei heilt utrydda under folkemordet på 1820- og 1830-talet.

Då europearane kom til Australia på slutten av 1700-talet, fanst det om lag 600 folkegrupper som snakka kring 490 forskjellige språk. Mange av dei er no utdøydde, mange dei siste 50–60 åra. Berre i underkant av tjue er i dagleg bruk. Det blir gjort mange freistnader på å gjenopplive språk som nyleg har gått av bruk.

Dei australske urfolka

Etterkomarane etter dei menneska som slo seg ned i Australia for over 50 000 år sidan, er her omtala som dei australske urfolka, der urfolk tyder folk som har budd i eit område frå før det blei kolonisert eller innlemma i ein stat dominert av andre folkegrupper. Nemninga kan jamførast med amerikanske urfolk, som no blir nytta i staden for «indianarar».

Dei australske urfolka er ikkje ei folkegruppe, men ei samneming på dei kring 600 nasjonane som heldt til på kontinentet før den europeiske busetjinga tok til i 1788 med britiske straffekoloniar.

På norsk har det nokre år vore vanleg å omtale dei australske urfolka som «aboriginar» (eintal «aborigin») eller «aboriginarar» (eintal «aboriginar»), etter engelsk Aborigines 'urfolk, innfødde', av latin aborīginēs (det eldste folket på Latium, forfedrane til latinarane), av ab orīginē 'frå opphavet'. Mange mislikar å bli kalla Aborigines, som dei oppfattar som nedsetjande og rasistisk. Bruken av Aborigine blir samanlikna med bruken av Negro om amerikanarar med afrikansk slektsbakgrunn.

Mange føretrekkjer å bli omtala som dei første nasjonane (First Nations). Andre spør kvifor etterkomarane av dei første menneska som kom til Australia, så ofte blir omtala som om dei var éin nasjon i staden for fleire hundre som har sin eigne namn — dyirbal, arrernte, guugu yimidhirr og så bortetter. I Noreg bur det mellom anna samar, nordmenn, kvener, romar, romanifolk/taterar, skogfinnar og jødar, ikkje berre europearar.

Strukturen til dei australske språka

Australske språk

Kartet viser utbreiinga til såkalla pama-njungiske (lysebrunt) og ikkje-pamanjungiske språk (grått og mørkebrunt). Skiljet er typologisk, det vil seie at det byggjer på skilnader i fonologisk og grammatisk struktur, men dei pama-njungiske språka blir ofte framstilte som ein språkfamilie.

Av .
Lisens: CC-BY-SA-3.0

På grunnlag av den lydlege og grammatiske strukturen til dei australske språka kan dei delast i to store grupper, som det er vanleg å kalle pamanjungiske og ikkje-pamanjungiske språk — jamfør kartet til høgre. Denne inndelinga på grunnlag av strukturelle eller typologiske drag er ikkje ei inndeling i ulike språkfamiliar.

Grammatikk

Dei fleste australske språk har rike bøyingssystem. Pamanjungiske språk brukar berre suffiks, men ikkje-pamanjungiske også har prefiks.

Substantiv, adjektiv og pronomen blir bøygde i fleire kasus. Til dømes har språket dyirbal i Queensland sju kasus ved substantiv og adjektiv: nominativ (også kalla absolutiv), ergativ, instrumentalis, lokativ, dativ, allativ og ablativ.

Kasusen ergativ finn ein i dei fleste australske språk. Dersom ei setning har subjekt men ikkje objekt, har subjektet kasusen nominativ, men dersom setninga har både subjekt og objekt, står subjektet i ergativ og objektet i nominativ, som vist i desse setningane frå dyirbal (skrive i IPA-transkripsjon):

subjekt verbal
baja jaɻa baninʲu
mann (nominativ) kjem
'mannen kjem'
objekt subjekt verbal
balan dʲuɡumbil baŋɡul jaɻaŋɡu balɡan
kvinne (nominativ) mann (ergativ) slår
'mannen slår kvinna'

Dei fleste australske språka brukar kasus for å uttrykkje kva som er subjekt og objekt i setninga, og rekkjefølgja på ledda blir brukr til andre formål. Slik er det også i dyirbal, slik at ein kan byte om rekkjefølgja på ledda utan at det påverkar den grunnleggjande tydinga.

Talord finst ikkje, berre ubundne (ubestemte) determinativ med tydingane 'ein', 'to', 'tre' og 'mange', som liknar våre determinativ ein og nokre. Det er vanleg med bøying av nomen i både eintal (singularis), total (dualis), tretal (trialis) og fleirtal (pluralis).

Eit vanleg fenomen i australske språk er substantivklassar, som liknar litt på genus (grammatisk kjønn). Til dømes har dyirbal fire substantivklassar, som viser seg ved at alle substantiv har ein klassemarkør føre seg. som baja, baŋɡul og balan i setningane ovanfor. Det er tydinga til substantiva som fortel kva klasse dei høyrer til:

  1. baji: menn, kenguruar, pungrotter, dei fleste ormar og fiskar, nokre få fuglar, dei fleste insekter, månen, stormar, bumerangar og pengar
  2. balan: kvinner, alt som har å gjere med eld og vatn, bandikutar, nokre få ormar og fiskar, dei fleste fuglar, sniglar, grashopper, sola, stjerner og skjold
  3. balam: grønsaker, alle ville frukter og trea dei veks på
  4. bala: tre som ikkje ber frukt, gras, sand, søle, steinar, bier og honning, kjøt, vind, økser, støy og språk

Klassemarkøren blir bøygd i kasus, til dømes er baja og baŋgul i setningane lenger oppe nominativ og ergativ av markøren i 1. klasse. Dei varierer også i form etter om det som substantivet viser til, er nær talaren eller eit stykke frå talaren og om det kan sjåast eller ikkje — som illustrert med desse tre setningane frå dyirbal, som alle tyder 'mannen ler':

  • baji jaɻa mijandanʲu (mannen er eit stykke borte og kan sjåast)
  • ɡiji jaɻa mijandanʲu (mannen er her og kan sjåast)
  • ŋaji jaɻa mijandanʲu (mannen er eit stykke borte og kan ikkje sjåast)

Fonologi

Dei fleste pamanjungiska språka har berre tre vokalfonem, /i u a/, som i norsk li, lo og la, mens dei ikkje-pamanjungiske språka ofte har fem, /i e a o u/. Dei fleste australske språk manglar stort sett frikativar (som [f s], med unnatak av språka på Torressundøyane. Alle språk haer desse typane konsonantar:

Det er som regel ikkje noko fonemisk skilje mellom ustemde og stemde konsonantar. Plosivar og nasalar har som regel mange artikulasjonsstader, med system som liknar sterkt på det ein finn i dravidiske språk i India og i norske dialektarAustlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg. Språket januwa (yanyuwa), som høyrer til den pama-nyungiske språkfamilien, har desse plosivane og nasalane, her attgjevne i IPA-transkripsjon, med ortografi i parentes:

labial b m
apiko-alveolar d (d) n (n)
apiko-postalveolar ɖ (rd) ɳ (rn)
laminal dʲ (dy) nʲ (ny)
dorso-palatal ɡʲ (gy)
dorso-velar ɡ (g) ŋ

I pamanjungiske språk begynner alle ord med éin konsonant. Når desse språka låner engelske ord som tek til med ein vokal, blir det lagt til ein konsonant fremst i ordet, som regel ein /ŋ/, som i djirbal balam ŋarinʲdʲi (balam er markøren for substantivklasse 3, der frukt høyrer heime).

Australske språk i tal

Då europearane kom til Australia på 1700-talet, fanst det om lag 600 folk som snakka nærmare 500 forskjellige språk. Mange er no utdøydde og mange er i ferd med å døy ut.

Tabellen under viser kor mange språk som har 1–10, 11–100, 101–500, 501–1000, 1001–2000 og over 2000 talarar. Eit språk er teke med berre når talet på talarar er oppgjeve i AUSTLANG (Australian Indigenous Languages Database).

1–10 11–100 101–500 501–1000 1001–2000 >2000
89 60 7 7 5 3

Australske språk blir i første rekkje tala i nord og nordvest og i det indre av landet i vest. Her er eit oversyn over talet på språk med minst éin talar i 2005 i dei ulike delstatane (nokre få språk blir tala i to delstatar):

Her er ei liste over alle australske språk med 500 eller fleire talarar.

Språk Familie og undergruppe Delstat Talarar
pitjantjatjara pama-nyungansk, sørvest SA, NT 3000
warlpiri pama-nyungansk, sørvest NT 3000
tiwi isolat NT 2100
arrernte pama-nyungansk, arandisk NT 2000
dhuwaya pama-nyungansk, yuulngu NT 1500
wik mungkan pn, pamansk QLD 1500
anindilyakwa gunwingguansk, enindhilyagwa NT 1500
murrinh-patha daly, murrinh-patha NT 1150
alyawarr pama-nyungansk, arandisk NT 1000
anmatyerre pama-nyungansk, arandisk NT 900
kalaw kawaw ya pama-nyungansk, kala lagaw ya QLD, TSI 800
burarra gunwingguansk, burarransk NT 800
kala lagaw ya pama-nyungansk, kala lagaw ya QLD, TSI 800
ngaanyatjarra pama-nyungansk, sørvest WA 700
walmajarri pama-nyungansk, sørvest WA 500

Australske språkfamiliar og språkisolat

Det amerikanske oppslagsverket Ethnologue deler dei australske språka i 17 familiar og 6 språkisolat (enkeltspråk som ikkje er i slekt med andre språk), og følgjer ein klassifikasjon som er godteken av dei fleste ekspertane på australske språk. Det har ikkje blitt påvist slektskap med nokon språk utanfor Australia.

Klassifikasjonen i Ethnologue er presentert nedanfor. Den store familien pama-njungisk, med 281 språk, er kontroversiell. Han blei føreslått av lingvisten Kenneth Hale i 1961, men har ein førelaupar i den søraustralske familien til den tyske etnografen Wilhelm Schmidt (1919) (sjå litteraturlista sist i artikkelen). Eit sentralt problem med mykje av klassifikasjonen av australske språk er at han byggjer på kontroversielle metodar som leksikostatistikk, og i svært liten grad på veletablerte metodar som den historisk-komparative metoden, som er grunnlaget for mellom anna studiet av indoeuropeisk, uralsk og algonkinsk.

Australske språkfamiliar

Etter kvar språkfamilie og språkgrein står det eit tal i parentes som viser kor mange språk det er i familien. Språkfamiliane er her gjevne norske namn.

  1. bunabisk (2)
  2. dalisk (19). Familien har 4 greiner: bringen-wagajdj (12), malagmalag (4), marriammu (1), murrin-pata (2)
  3. djamindjungisk (2)
  4. djeragisk (3)
  5. gimbijisk (3)
  6. gunwinguansk (25). Familien har 13 greiner: burarrisk (4), djauansk (1), enindiljagwisk (3), gagudjuisk (1), gungaraganjisk (1), gunwingisk (2), mangarajisk (1), marisk (4), ngalkbunsk (1), rembargisk (2), wagimansk (1), warajansk (1) og yangmansk (3).
  7. laragijisk (1)
  8. limilngisk-wulna (2)
  9. njulnjulisk (9)
  10. pama-nyungisk (281). Familien har 39 greiner: bigambal (1), bindal (1), kurnai (1), juju (1), ararndisk (8), bagandjisk (1), bandjalangisk (4), bungandidjisk (2), durubulisk (3), djangadi (2), djirbalisk (4), Flinders Island (1), galgadungisk (3), gumbajngirisk (2), gugu-jimidirisk (2), kala lagaw ja (2), karnisk (25, i ), kulinsk (12), lardil (1), marisk (22), mbara (1), muruwarisk (1), ngarinjerisk-jitajitisk (3), balangamidang (1), pamisk (61, i 16 undergrupper), sørvest (69, i 16 undergrupper), wagaja-warluwarisk (3), waka-kabisk (6), warumungisk (1), wiradurisk (3), worimi (2), yalandjisk (3), janjuwisk (1), jarli (3), jidinisk (2), jotajotisk (2), jugambal (1), juin (10) og julngu (11).
  11. tangisk (3)
  12. umbugarla-ngumbur (2)
  13. West Barkly (3)
  14. worrorrisk (12)
  15. janji (2)
  16. jiwaidjisk (7)

Språkisolat

  1. lanima
  2. laragia
  3. lardil
  4. mbara
  5. muruwari
  6. tiwi

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bowern, Claire (red.) 2023. The Oxford Guide to Australian Languages. Oxford: Oxford University Press.
  • Dixon, R. M. W. 1972. The Dyirbal language of North Queensland. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Dixon, R. M. W. 1980. The languages of Australia. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Dixon, R. M. W. 2019. Australia's original languages. An introduction. Sydney: Allen & Unwin.
  • Dixon, R. M. W. & Barry J. Blake 1979–2000. Handbook of Australian languages. Vol. 1–5. Amsterdam: Benjamins.
  • Koch, Harald & Rachel Nordlinger (red.) 2014. The languages and linguistics of Australia. A comprehensive guide. Berlin / Boston: Walter de Gruyter.
  • Schmidt, Wilhelm 1919. Die Gliederung der Australischen Sprachen: Geographische, Bibliographische, Linguistische Grundzüge der Erforschung der Australischen Sprachen. Wien: Mechitharisten-Buchdruckerei.

Eksterne lenkjer

Kommentarar (3)

skreiv julie svenkerud

hva er de nå levende språka i Australia i tillegg til engelsk?

svarte Georg Kjøll

Hei Julie. Du kan finne en oversikt over språk i Australia på nettsiden Ethnologue: http://www.ethnologue.com/country/AU. Under oversikten 'language counts' ser du at det finnes hele 214 levende språk i Australia i dag, men mesteparten av disse er truet. Under fanen 'languages' (http://www.ethnologue.com/country/AU/languages) kan du se en egen omtale av hvert enkelt av språkene.Alt godt fra Georg

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg