Skjematisk framstilling av atmosfæriske vindauge
Skjematisk framstilling av atmosfæriske vindauge
Av .
Lisens: NASA

Atmosfærisk vindauge er dei delane av det elektromagnetiske spekteret (frekvensområdet) der atmosfæra er gjennomsiktig for elektromagnetisk stråling. Gassane i jord-atmosfæra blokkerer, det vil seie obsorberer eller spreiar, store delar av stråling i spekteret. For somme bylgjelengder er atmosfæra meir gjennomsiktig, og strålinga slepp gjennom. Desse områda kallar vi difor atmosfæriske vindauge, fordi dei slepp gjennom stråling. Tre aktuelle slike vindu er det optiske vinduet, eitt vindu for radiokommunikasjon og eitt for ein del infraraud stråling.

For radiokommunikasjon og satellittkommunikasjon gjennom atmosfæra kan vi nyttegjere oss frekvensområdet mellom ca. 20 MHz og opp til nokre ti-tals GHz sidan desse frekvensane slepp gjennom utan for store tap. Utanfor dette vindauget vert signala svekka over så kort avstand det ikkje har praktisk nytte.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg