askorbinsyre
askorbinsyre
Lisens: CC BY SA 3.0
Sitrusfrukt er en vanlig kilde til vitamin C (askorbinsyre)
Askorbinsyre (vitamin C) finst naturleg i blant anna sitrusfrukt

Askorbinsyre er ein kjemisk forbindelse som blir brukt som tilsetjingsstoff i matvarer med kodenummer E 300. Stoffet blir kalla vitamin C når ein tenkjer på effekten det har på menneskekroppen, men blir omtalt som askorbinsyre når ein tenkjer på eigenskapane til stoffet utanfor kroppen, til dømes at det aukar haldbarheita til matvarer.

Faktaboks

Også kjend som

vitamin C

L-askorbinsyre

L-ascorbic acid

L-3-keto-threo-hexuronic acid lactone

3-keto-L-gulofuranolactone

E 300

L-threo-hex-2-enoic acid γ-lactone [CAS-nr. 50-81-7]

Uttale
askårbˈinsyre
Etymologi
av gresk, nektande a og senlatin for ‘skjørbuk’
Kjemisk formel
C6H8O6
Smeltepunkt
190–192 °C
Tilstand
fast stoff

Bruk

Askorbinsyre fungerer som antioksidant. Askorbinsyra blir sjølv oksidert når ho gir frå seg hydrogen som blir bunde til fritt oksygen, slik at andre kjemiske forbindelsar ikkje blir oksiderte. Denne effekten blir utnytta i matproduksjon for å hindre til dømes harskning av feitt og fargeforandring i syltetøy.

Stoffet er tillate til bruk i veldig mange tillaga matvarer, oftast i så store mengder som er naudsynt (quantum satis).

Mattryggleik

Askorbinsyre er det same som vitamin C, eit stoff som er naudsynt for kroppen. Får ein i seg meir enn det som trengs, vert stoffet skilt ut. Det er difor ingen risiko for skadeverknader i vanlege mengder.

Forekomst

Grønnsaker
Grønsaker er òg gode kilder til askorbinsyre (vitamin C)

Askorbinsyre finst naturleg i mange frukter og grønsaker, mellom anna i sitrusfrukt, jordbær, kiwi, kålrot og poteter. Utan tilførsel av mat som inneheld askorbinsyre (eller vitamin C i tablettform) får ein sjukdommen skjørbuk.

Kjemi

Kjemisk sett er askorbinsyre eit monosakkarid med seks karbonatom som finst i fleire isomere former. Sjølv om askorbinsyre har «syre» i namnet, er det ikkje ei karboksylsyre. Bindingane ved karbonatom to og tre er svært ustabile og vekslar raskt mellom å binde berre oksygen (O) eller ei OH-gruppe (hydroksylgruppe).

Askorbinsyre er eit kvitt til svakt gult krystallinsk pulver som er lett løyseleg i vatn og svakt løyseleg i alkohol. Det gjer ei sur løysing i vatn og er eit sterkt reduksjonsmiddel, og vassløysningar vert lett oksiderte med oksygen frå luft.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer:

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg