armring (tekstil)

Artikkelstart

Armring er ein handkrage med sirkulær eller rektangulær form som blir brukt til bunader og folkedrakter.

Faktaboks

Også kjent som
avlung (Trøndelag), ermling, fyrierma (Hallingdal), førerma (Hallingdal), handerm, handarmar (Hordaland), handakragar(Hordaland), handring (Nordmøre, Trøndelag), håndring, moftisar (Agder), moffedissa (Troms), mufedisar, mufletisar (Setesdal), muffel, muflar (Telemark), mufftisar (Agder), nastre, pulsvante, pussvottar (Numdedal), rekling, revling (Akershud, Østfold), uvlevott (Telemark), verlong, vevling, vevlung, vevlæng (kyststrøk)

Armringar er som regel hekla eller strikka av ull- og bomullsgarn eller sydd av ull- eller bomullsstoff med broderi. Dei rektangulære armringane er knepte eller hekta saman.

Armringar hadde både rein dekorativ funksjon og var då som regel rektangulære og prydde med ullgarn og perler i fleire fargar. Om dei hadde ein reint praktisk funksjon for å gje varme var dei som oftast sirkulære og strikka av ullgarn.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Ingebjørg Gravjord: Votten i norsk tradisjon
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg