Arkipelkråke
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Arkipelkråke er ein stor sporvefugl i kråkefamilien og har naturleg utbreiing i Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Corvus enca
Beskriven av
(Horsfield, 1821)

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang og veg rundt 250 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, jordbruksland og mangroveskog. Arkipelkråke lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i buskar og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

arkipelkråke
Corvus enca
Artsdatabanken-ID
181911

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg