Apostolisk suksesjon er etter katolsk, ortodoks og høgkyrkjeleg protestantisk oppfatning den ubrotne rekkja av innehavarar av kyrkjelege embete frå apostlane til notida, der kvart ledd i rekkja har fått embetsmakta si frå ein forgjengar ved ordinasjon. Ordinasjonsrekkja kan såleis førast tilbake til apostlane.

Faktaboks

Uttale
apostˈolisk suksesjˈon

Då berre biskopar kan ordinere, er det vanlegvis den ubrotne biskopsrekkja som interesserer når det blir talt om apostolisk suksesjon. Ideen om apostolisk suksesjon finst frå 100-talet av, men det blir diskutert om vekta i oldkyrkja ligg på ordinasjonskontinuiteten, eller om ho heller ligg på den samanhengande rekkja av innehavarar av den same bispestolen.

Apostolisk suksesjon i andre kyrkjesamfunn

Den romersk-katolske kyrkja identifiserer apostolisk suksesjon med både den ubrotne bisperekkja og at trusinnhaldet ein blir ordinert til, er det same. Katolikkane godtek fullt ut bispeembetet i den ortodokse kyrkja, men ikkje bispeordinasjonane i dei protestantiske kyrkjene.

Den anglikanske kyrkja gjer krav på å ha apostolisk suksesjon fordi bispeordinasjonen deira går tilbake til den første bispevigselen etter reformasjonen som blei utført av tidlegare romersk-katolske biskopar. Den svenske kyrkja hevdar også at ho har apostolisk suksesjon, men dette blir berre understreka i høgkyrkjelege krinsar. Den norske kyrkja kan ikkje gjere krav på apostolisk suksesjon, då ordinasjonar her går tilbake til den første bispevigselen etter reformasjonen som blei utført av Johannes Bugenhagen som berre var prestevigd, ikkje bispevigd.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Andrew Thomas

Burde ikke artikkelen oppdateres med tanke på at de fleste biskopene i den norske kirken har blitt vigslet i nærværet av svenske og engelske biskoper? Det virker misvisende å si at "Den norske kirke kan ikke gjøre krav på apostolisk suksesjon": det stemmer selvfølgelig for alle biskoper (meg kjent) vigslet mellom reformasjonen og vår egen tid, men ikke for dagens bispekollegium.

skreiv Hallgeir Elstad

Hei igjen,
takk for dette. Her er det jo ulike tolkningar, noko som bør tydeleggjerast i artikkelen.

beste helsing Hallgeir

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg