Annandagsskeid er ein gamal, norsk juleskikk med å ri om kapp andre juledagen. Ein kunne køyre om kapp på is, eller ein rei om kapp til opne vasskjelder for å vatne hestane. Det var særleg på flatbygdene på Austlandet ein rei annandagsskeid.

Annandagsskeid vart også brukt om det å ri frå gard til gard i bygda for å få traktering, særleg øl, andre juledagen.

Les meir i Store norske leksikon

Kjelder

  • Nils Lid: Jolesveinar og grøderikdomsgudar. Oslo, 1933.
  • Svale Solheim: Norsk sætertradisjon. Oslo, 1952.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg