Angekok, – av grønlandsk angakkoq, fleirtal angakkuit – er ein tradisjonell religiøs leiar, spåmann og lækjar hos inuittane, og svarar til ein sibirsk sjaman og ein nordsamisk noaidi. Den tilsvarande forma på nokre andre inuittiske språk er angakkuq (inuktitut) og angatkuq (inuvialuktun).

Faktaboks

Uttale
ˈangekok

Ein angekok gjev seg ut for å kunne kommunisere med oversanselege makter ved å påkalle særskilde hjelpeånder som utfører ulike tenester. Dei gjev råd, hjelper i fare, lækjer sjuke, gjev godt vêr og skaffar fangst. Påkallinga av hjelpeåndene skjer som regel i transe.

Utdanninga til å bli angekok er lang og tek til i ungdomen. Både menn og kvinner kan bli angekok, men dei fleste er menn. Det er som regel dei klokaste i eit samfunn som får denne utdanninga, som mellom anna går ut på lære seg særskilde munnlege tradisjonar, eit særskilt vokabular av arkaiske ord, ein del ritar og særskilde åtferdsmønster.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg