Andamanspråk er ei gruppe språk som blir talte av urfolka på øygruppa Andamanane i Bengalbukta. Dei kan delast i tre grupper:

Faktaboks

Uttale
andamˈanspråk
Også kjend som

andamansk

  • storandamansk
  • sørandamansk eller ongisk
  • sentinelsk

Det er ingen påvist slektskap mellom storandamansk og sørandamansk. Sentinelsk blir snakka på Nord-Sentiløya (North Sentinel Island), men språket er heilt ukjent, fordi sentinelarane, ei gruppe på kanskje under 100 og maksimalt 400–500 menneske, lever i ein frivillig isolasjon frå omverda.

Av ti kjende storandamanske språk er berre eitt, aka-jeru, framleis i live, med tre talarar. Av tre kjende sørandamanske språk er to framleis i live: jarawa (cirka 250 talarar) og onge (cirka 90 talarar).

Det er ingen påvist slektskap mellom andamanspråka og andre språk i verda, eit naturleg resultat av at språka har vore ganske isolerte frå omverda sidan øyane blei busette. Andamanarane kan ha vore isolerte sidan kort tid etter at forfedrane deira forlét Afrika for kring 60 000 år sidan.

Storandamanske og sørandamanske språk har ein del strukturelle drag felles. Dei er alle agglutinerande, med både prefiks og suffiks. Eit karakteristisk drag er eit genus-system der alle substantiv har eit prefiks som relaterer dei til ein eller annan del av kroppen, anten ved ein likskap i form eller ved ein funksjonell samanheng.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg