Amerikaslangehals
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Amerikaslangehals er ein fugleart i slangehalsfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Anhinga anhinga
Beskriven av
(Carl von Linné, 1766)

Som vaksen veg fuglen rundt 1,2 kilo.

Arten er knytt til innsjøar med ferskvatn, og elvar og bekker. Amerikaslangehals lever av fisk og virvellause dyr (invertebratar) som han fangar under vatn.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 28 dagar. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av to til tre år.

Amerikaslangehals lever vanlegvis i rundt 14 år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

amerikaslangehals
Anhinga anhinga
Artsdatabanken-ID
175016

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg