alkoholer
Strukturformel for etylenglykol, eit alkohol
alkoholer
Lisens: CC BY SA 3.0

Alkoholar er ei stor og variert gruppe av organiske sambindingar som kan ha svært ulike eigenskapar. Felles for alle sambindingane er at dei har ei hydroksylgruppe, også kalla ei OH-gruppe.

Faktaboks

Uttale
alkoh'oler

Den enklast samansette av alle alkoholar er metanol, også kalla tresprit, som blir mellom anna brukte i fargestoffindustrien og er giftig når han blir omsett i kroppen. Den nest enklaste alkoholen er etanol, som er eit av dei vanlegaste rusmidla. Når ein i daglegtalen snakkar om «alkohol», er det som regel etanol ein meiner. Andre kjende alkoholar er propanol, som blir brukte som lause- og desinfeksjonsmiddel, og isopropanol, som til dømes finst i vindaugsspylevæske.

Sambinding

alkoholer

Molekylmodell av etylenglykol, eit alkohol. Grå kuler står for karbonatom. Kvite kuler står for hydrogenatom. Raude kuler står for oksygenatom. Strekane står for kjemiske bindingar.

alkoholer
Lisens: CC BY SA 3.0

Karbonatoma i alkoholar heng saman i ei kjede, der hydrogen og minst éi –OH-gruppe bind seg til dei ledige plassane. Ei –OH-gruppe blir danna når eit oksygenatom bind seg til eit hydrogenatom, og i den andre enden er oksygenet bunde til eit karbonatom.

I eit alkoholmolekyl kan berre éi –OH-gruppe binde seg til eitt og same karbonatom. Alkoholmolekyl med få karbonatom i seg, til dømes etanol og metanol, er løyselege i vatn. Når kjeda av karbonatom aukar, og alkoholmolekylet blir meir samansett, minkar evna til å vere vassløyseleg. Evna til å løyse seg i vatn er òg avhengig av mengda av –OH-grupper i alkoholmolekylet. Di fleire –OH-grupper, di meir vassløyseleg er alkoholmolekylet.

Eigenskapar

Figur 1: Karbonskjelettet.
Figur 1: Karbonskjelettet.
Av /Allkunne.
Lisens: CC BY NC 4.0

Dei enkle alkoholane metanol og etanol er lettflyktige væsker. Meir kompliserte alkoholar, som til dømes kolesterol, er faste stoff med høge smeltepunkt. Enkelte karbohydrat, som til dømes cellulose, kan vere polymere og nesten uløyselege.

Kjemisk kan ein alkohol beskrivast som eit alifatisk eller sykloalifatisk hydrokarbon kvar eitt eller fleire hydrogenatom er bytte ut med eit hydroksyl, også kalla ei OH-gruppe.

Viss ein går ut frå hydrokarbonet etan, CH3CH3, og byter ut eit hydrogenatom med hydroksyl, får me etanol, CH3CH2OH.

Byte me ut to hydrogenatom (eitt ved kvart karbonatom), får me etylenglykol, HOCH2CH2OH.

Ved å byte ut tre hydrogenatom i hydrokarbonet propan, CH3CH2CH3, får ein glyserol, HOCH2CH(OH)CH2OH.

Kokepunktet til dei ulike alkoholane varierer. To alkoholar som har like mange karbonatom, men ulik mengd av –OH-grupper, har ulikt kokepunkt. Kokepunktet på alkoholmolekylet stig når mengda av –OH-grupper aukar. Til dømes er kokepunktet for etandiol (glykol) 198 °C, medan kokepunktet for etanol er 78 °C.

Typar

Figur 2: Alkan, alken og alkyn.
Figur 2: Alkan, alken og alkyn.
Av /Allkunne.
Lisens: CC BY ND 4.0

Alkoholane blir kalla primære, sekundære eller tertiære, alt etter om dei inneheld høvesvis CH2OH-, CHOH- eller COH-grupperingane.

Primære alkoholar blir lett oksiderte til aldehyd og vidare til karboksylsyrar, medan sekundære alkoholar blir oksiderte til keton. Tertiære alkoholar blir berre oksiderte ved gjennomgripande forandring av molekylet.

Namngiving av alkoholar

Figur 3: Oppbygging av ein alkohol.
Figur 3: Oppbygging av ein alkohol.
Av /Allkunne.
Lisens: CC BY ND 4.0
Figur 4: Alkoholar med fleire OH-grupper.
Figur 4: Alkoholar med fleire OH-grupper.
Av /Allkunne.
Lisens: CC BY ND 4.0

Å setje namn på alkoholar går føre seg på same måten som når ein set namn på hydrokarbon (sjå figur 1), der talet på karbonatom bestemmer første stavinga i namnet. Er det eit karbon i molekylet, blir den første stavinga met- (tyder «éin»). Typen bindingar mellom karbonatoma avgjer andrestavinga: -an (enkelbinding), -en (dobbelbinding) og -yn (trippelbinding) (sjå figur 2).

Alkoholar har minst éi hydroksylgruppe, noko som gir siste stavinga -ol (sjå figur 3). Dersom det er to –OH-grupper, blir den siste stavinga –diol. Dersom det er tre –OH-grupper, blir siste stavinga -triol. Nokre døme på alkoholar er metanol, etanol, etandiol og propantriol (sjå figur 4).

Førekomst

Mange alkoholar finst i naturen, ofte som estarar (til dømes glyserol i feittstoff). Enkelte blir danna naturleg ved gjæringsprosessar, medan andre berre blir framstilte syntetisk.

Betydning

Alkoholar har mykje å seie som råstoff i kjemisk industri, som løysemiddel i teknikken, som råstoff i nærings- og nytingsmiddelindustrien og som del av levande organismar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Anne Kristine F. Eide

Hei!
Det finnes alkoholer i de fleste kremer og salver, selv babysalver. Hvordan finner man ut hvilke alkoholer som i det hele tatt har mulighet til å påvirke sentralnervesystemet og hvilke mengder som i så fall må til?

svarte Einar Uggerud

Hei, Anne Kristine!

Beklager sent svar. Spørsmålet ditt er rimelig, men det er liten grunn til bekymring. Svært lite alkohol evner å trenge gjennom laget av hudceller. Dessuten vil mesteparten av alkoholen da allerede ha fordampet på grunn av kroppsvarmen. Skader på sentralnervesystemet skjer først og fremst hos langtkommede alkoholikere, og forekommer i nevneverdig grad hos dem med moderat alkoholforbruk. I disse tilfellene tas som kjent alkoholen opp gjennom tarmen, som i motsetning til huden, er spesialbygget nettopp for opptak til kroppen.
Jeg håper dette svaret er nyttig for deg.

Vennlig hilsen Einar Uggerud

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg