Alef, \(\aleph \), er den første bokstaven i det hebraiske alfabetet. Han er eigentleg ein konsonant, ein (ustemd) glottal plosiv (IPA-lydskrift ʔ). Alef svarar til den fønikiske bokstaven ʾālep (𐤀), som er opphavet til den greske bokstaven alfa (Α, α).

Faktaboks

Uttale

'alef

Også kjend som
א

aleph

Alef er ein av dei fire hebraiske bokstavane som òg kan fungera som sokalla matres lectionis, det vil seia konsonantteikn som i visse tilfelle kan brukast til å skriva (lange) vokalar.

Alef har verdien 1 i det hebraiske talsystemet.

I matematikk blir alef brukt som symbol for kardinaltal til uendelege mengder.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg