Agape er eit ord for den kristne kjærleiken. I kristendommen blir agape brukt både om Guds kjærleik til menneska og om kristen nestekjærleik, til forskjell frå andre former for kjærleik, som til dømes erotisk kjærleik, foreldrekjærleik og vennskapleg godhug. I platonismen blir eros brukt om den kjærleiken som dreier seg om strev etter det gode og det skjønne. Språka gresk og latin skil mellom den kristne agapen og den platonske erosen. På latin heiter desse caritas og amor.

Faktaboks

Uttale
agˈape
Etymologi
gresk ‘kjærleik’

Agape er ikkje eit av dei vanlege greske orda for kjærleik, og det finst svært sjeldan utanfor Det nye testamentet og den seinare kristne litteraturen. Omgrepet hadde mindre å seie i tida straks etter apostlane, då det blei fortrengt av eros-motivet hos gnostikarane.

Eros og agape

Augustins forsøk på å byggje bru mellom desse sfærane med den såkalla caritas-syntesen, har utan samanlikning hatt størst innverknad i historia til den kristne kjærleikstanken, men det har blitt hevda at syntesen hans er eit forsøk på eros' premissar. Den svenske teologen Anders Nygren hevda i boka Den kristna kärlekstanken genom tiderna. Eros och agape (1930–36) at det er først med Martin Luther at agape endeleg blir reinsa for erosen til antikken. Seinare markerer Søren Kierkegaards Kjærlighedens Gjerninger (1847) eit høgdepunkt i framstillinga av agape.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv olai marton jacobsen

Ordet kjærlighet er det mye frustrasjon om.Den fullkomne kjærlighet for mennesket vedrører dens:1 ånd, 2 sjel, 3 legemet-ånd = agape DEN GUDOMMELIGE KJÆRLIGHET-sjel = philos BARMHJERTIGHET-kropp = eros NYTELSE BEGJÆRKJÆRLIGHET, er det motsatte av likegyldighet.Og det motsatte av likegyldighet, er å BRY SEG POSITIVT !DEN RENESTE FORM FOR KJÆRLIGHET, ER Å GI SIT LIV FOR SINE VENNER.Dette er det grunnleggende om kjærlighet i kortversjonHilsen Marton

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg