Afroasiatiske språk er ei gruppe på kring 375 levande språk som blir rekna som ein språkfamilie. Desse språka blir tala av over 300 millionar menneske i Afrika og Midtausten. Det er vanleg å dele familien i seks greiner:

Faktaboks

Uttale

'afro-asiatisk

Etymologi

av latin Āfer 'punisk, afrikansk' og latin Asiāticus 'asiatisk'

  1. semittiske språk, i Midtausten og det nordlege og nordaustlege Afrika, med mellom anna språka akkadisk, hebraisk, arameisk, arabisk, sørarabisk og fleire språk i Etiopia, mellom anna tigrinja, geez og amharisk;
  2. egyptisk (utdøydd) med gamalegyptisk (frå faraoisk tid) og koptisk;
  3. berberspråk i Nord-Afrika, med mellom anna tasjelhijt (sjilha), tamazight og tarifijt (rifisk) i Marokko, taqbajlit (kabylisk) i Algerie, siwi i det vestlege Egypt og tamasjek (tamasjeq) i Mali, Niger og det sørlege Algerie;
  4. kusjittiske språk, i Sudan, Etiopia og Somalia; med mellom anna oromo og somalisk;
  5. tsjadspråk sør for Sahara, i Niger, Nigeria, Kamerun, Tsjad og Den sentralafrikanske republikken, med mellom anna hausa;
  6. omotiske språk, hovudsakleg i det sørlege Etiopia; med mellom anna wolaytta, kafa og aari.

Det er fleire usikre punkt i klassifikasjonen:

  • Det er uklart om kusjittiske språk utgjer éi eller fleire greiner av afroasiatisk.
  • Statusen til dei omotiske språka er omdiskutert. Somme forskarar meiner dei er kusjittiske. Andre deler afroasiatisk i to hovudgrupper, (i) erytreisk, med undergruppene semittisk, egyptisk, berbersk, kusjittisk tsjadisk, (ii) omotisk. Atter andre meiner at dei omotiske språka ikkje er afroasiatisk i det heile, og at dei utgjer fleire uavhengige språkfamiliar.
  • Nokre forskarar har føreslått fleire ekstra greiner, som ongota i Sørvest-Etiopa og laal-laabe og kudsjarge i Sør-Tsjad.

Formuleringa «kring 375 levande språk som blir rekna som ein språkfamilie» først i artikkelen inneber at det ikkje er bevist at greinene ovanfor i det heile er i slekt med kvarandre.

Kart over språk og språkgrupper som blir rekna som afroasiatiske.

Forskingshistorie

Semittisk

Utforskinga av dei afroasiatiske språk tok til med semittisk. Den nordafrikanske jødiske grammatikaren Jahuda ibn Quraisj (arabisk Jahūda ibn Qurajš ﻳﻬﻮﺩة ﺑﻦ ﻗﺮﻳﺶ‎), som levde på 800-talet, blir rekna som ein av grunnleggjarane av samanliknande semittisk språkvitskap. Han kunne både hebraisk, arameisk og arabisk og såg likskapen mellom dei i ordtilfang og grammatikk. I tillegg skreiv han om likskap i ordtilfang mellom desse semittiske språka og berbersk.

Den franske matematikaren og filologen Guillaume Postel (1510–1581) skreiv om likskapen mellom hebraisk, arameisk og arabisk. Til denne lista av semittiske språk la den tyske språkforskaren Hiob Ludolf (1624–1704) dei to etiopiske – eller etiosemittiske – språka amharisk og ge'ez.

Det var ikkje før i 1781 at den tyske historikaren August Ludwig von Schlözer gav desse (1735–1809) språka namnet semittisk, etter den eldste sonen til Noah, Sem; jamfør 1. Mosebok 7,13: «Nett på denne dagen gjekk Noah og sønene Sem, Ham og Jafet inn i arka saman med kona til Noah og dei tre svigerdøtrene hans.»

Semittisk og hamittisk

Utover på 1800-talet var det fleire forskarar som såg ein likskap mellom semittisk og ein del språkgrupper i Afrika. Den franske semittologen Ernest Renan (1823–1892) skal ha vore den første, i 1855, til å kalle desse afrikanske språkgruppene for hamittisk, etter den nest eldste sonen til Noah.

Hamitto-semittisk

Det var likevel lenge usemje om kva grupper hamittisk omfatta. Då den austerrikske språkforskaren Friedrich Müller (1834–1898) gav ut Grundriss der Sprachwissenschaft (1876–1887), innførte han nemninga hamitto-semittisk, der hamittisk omfatta berberske språk og dei til då kjende kusjittiske språka. Den tyske egyptologen Richard Lepsius (1810–1884) tok også med hausa i ei eiga hausa-berbersk gruppe, men i tillegg inkluderte han nama (hottentottisk) og maasai.

Eit problem ved desse tidlege analysane var at dei ikkje berre bygde på språkvitskaplege kriterium, men også på genetiske og antropologiske. Dette kom klårast til uttrykk i verket Die Sprachen der Hamiten 'Språka til hamittane' (1912) av den tyske språkforskaren Carl Meinhof (1857–1944), som argumenterte for at hamittane – som for han omfatta ikkje berre dei gruppene Richard Lepsius nemnde (sjå førre avsnitt), men også fulanarane – var eit afrikansk herrefolk, som han ikkje berre karakteriserte med språkvitskaplege kriterium, men òg med levemåte (storfenomadar) og antropologiske drag (opphavleg kvite folk) som skulle skilje dei frå andre afrikanarar.

Afroasiatisk

Den franske etnografen og språkforskaren Mauric Delafosse (1870–1926) var kritisk til ideen om at den såkalla hamitto-semittiske språkfamilien hadde to hovudgreiner, semittisk og hamittisk, og føreslo heller ei inndeling i fleire greiner i ein afroasiatisk familie. Dette nye namnet slo likevel ikkje igjennom før det blei føreslått på nytt i 1950, med same argumentasjon, av den amerikanske språkforskaren Joseph H. Greenberg. Greenberg delte i boka The Languages of Africa (1963) familien i fem greiner: semittisk, egyptisk, berbersk, kusjittisk og tsjadisk. I motsetnad frå tidlegare forskarar bygde Greenberg berre på reint språklege kriterium.

I Russland er det vanleg å bruke nemninga afrasiske språk (russisk afrazijskie jazyki афразийские языки) i staden for afroasiatiske språk; jamfør til dømes boka Afrasian languages (1988) av den russiske språkforskaren Igor M. Diakonoff (1915–1999).

I 1969 argumenterte den amerikanske språkforskaren Harold C. Fleming for at dei språka som Greenberg klassifiserte som vestkusjittiske (ei undergruppe av kusjittisk), i staden utgjer ei sjølvstendig grein av afroasiatisk. I 1974 gav han denne greina namnet omotisk. Den nye klassifikasjonen slo raskt igjennom, men nokre forskarar stiller spørsmål ved om desse språka er afroasiatiske i det heile.

Sams drag ved dei afroasiatiske språka

Den vanlege måten å bevise at to eller fleire språk eller språkgrupper er i slekt med kvarandre, er å finne fram til regelrette lydlege samsvar mellom dei og på det grunnlaget rekonstruere det grunnspråket som dei nedstammar frå – jamfør til dømes urindoeuropisk og ururalsk. I dette tilfellet inneber det å rekonstruere urafroasiatisk. Det har blitt gjort to forsøk på å rekonstruere urafroasiatisk, av Vladimir E. Orel og Olga V. Stolbova (1995) og Christopher Ehret (1995, sjå litteraturlista), men dei kom fram til så forskjellige resultat at nokre forskarar tvilar på at dei kan vere gyldige. Til dømes rekonstruerer Orel og Stolbova 12 urafroasiatiske ord for ‘fisk’ – *ʔur-, *bos-, *gos-, *gub-, *ʕadaw-, *ʕaʤ-, *ʕubub-, *ħabu-, *kulum-, *let͡ɬum-, *q’ar-, *t[y]m- – medan Ehret ikkje rekonstruerer nokon. Likeins rekonstruerer Orel og Stolbova 7 urafroasiatiske ord for ‘auge’ – *ʔid-, *ʔind-, *ʔir-, *bal-, *ʕajVn-, *ʕil-, *surVʔ- – medan Ehret har eitt, *ʔǐl-, som ikkje samsvarer med nokon av rekonstruksjonane til Orel og Stolbova. (Transkripsjonen er her gjort om til IPA.)

Som Tom Güldemann (2018, sjå litteraturlista) peikar på, har ingen nyare oversyn over dei afroasiatislke språka – som Carleton T. Hodge (1971), Weninger o.a. (2011), Edzard (2012) og Frajzyngier and Shay (2012) – noko kapittel som drøfter rekonstruksjonen av urafroasiatisk.

I boka The languages of Africa (1963) sette Joseph H. Greenberg opp desse kriteria for å rekne eit språk eller ei språkgruppe som afroasiatisk:

  1. To genus, maskulinum og femininum. Femininum er markert med ein t.
  2. Likskap i personlege pronomen, med ein n i 1. person, ein k eller t i 2. person og ein s i 3. person.
  3. Eit kausativaffiks med ein s.
  4. Likskap i danninga av fleirtal av substantiv: konsonantdobling, innsetjing av a, suffikset -en.
  5. Perfektiv uttrykt med eit prefiks med ein w.
  6. Eit prefiks med ein m som dannar substantiv for stad, reiskap eller agens.

Desse kriteria er så få at dei ikkje på noko vis kan samanliknast med kriteria for å rekne eit språk eller ei språkgruppe som indoeuropeisk, uralsk eller algonkinsk, men heller med hypotesar om slektskap mellom indoeuropeisk og uralsk.

Den afroasiatiske språkfamilien bør reknast som ein hypotese. På engelsk er det vanleg å omtale afroasiatisk som eit phylum, ‘rekkje’, i motsetnad til family, ‘familie’. Rekkje og familie er to ulike taksonomiske nivå i biologisk klassifikasjon, der rekkje inneber ein mykje fjernare slektskap enn familie.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Carleton T. Hodge (ed.). Afroasiatic: A survey. The Hague 1971.
  • Christopher Ehret. Reconstructing Proto-Afroasiatic (Proto-Afrasian): Vowels, Tone, Consonants, and Vocabulary. Berkeley 1995.
  • Igor M. Diakonoff. Afrasian languages. Moscow 1988.
  • Joseph H. Greenberg. The Languages of Africa. The Hague 1963.
  • Lutz Edzard (ed.). Semitic and Afroasiatic: Challenges and opportunities. Wiesbaden 2012.
  • Richard J. Hayward. Afrosiatic. Kapittel 4 i African languages. An introduction. Edited by Bernd Heine and Derek Nurse.
  • Stefan Weninger, Geoffrey Khan, Michael P. Streck & Janet C. E. Watson (eds.). 2011. The Semitic languages: An international handbook. Berlin/New York: Mouton de Gruyter.
  • Tom Güldemann. The Afroasiatic domain. S. 309–348 i The languages and linguistics of Africa. Berlin / Boston 2018.
  • Vladimir E. Orel and Olga V. Stolbova. Hamito-Semitic Etymological Dictionary. Materials for a Reconstruction. Leiden 1995.
  • Zygmunt Frajzyngier and Erin Shay (ed.). The Afroasiatic Languages. Cambridge 2012.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg