Administrasjonsspråket er den målforma ein kommune eller fylkeskommune vedtek å bruke i sin eigen administrasjon. Nemninga må skiljast frå «tenestemål», som er knytt til statsorgan.

Bruken av bokmål og nynorsk i administrasjonen til ein kommune eller fylkeskommune er ikkje regulert ved lov eller forskrift. Administrasjonsspråket vert fastsett ved vedtak i kommunen eller fylkeskommunen. Det kan òg gjerast nærmare vedtak om korleis administrasjonsspråket skal praktiserast.

Etter språklova § 11 kan kommunar og fylkeskommunar gjere vedtak om å krevje bokmål eller nynorsk i skriv frå statsorgan. Det er oftast, men ikkje alltid, samsvar mellom administrasjonsspråket og den målforma kommunen har gjort vedtak om å krevje etter § 11 i språklova.

Nemninga «administrasjonsspråk» vert stundom forveksla med «tenestemål». «Tenestemål» er ei nemning frå forskrift om målbruk i offentleg teneste og gjeldt lokale og regionale statsorgan. Tenestemålet er hovudmålforma til eit lokalt eller regionalt statsorgan og skal nyttast i rundskriv, kunngjeringar og informasjonsmateriell som desse statsorgana lagar.

I og med at vedtak om kommunalt administrasjonsmål ikkje er vedtak etter mållova, gjeld ikkje klagereglane i språklova. Klager over målbruk i kommunar og fylkeskommunar må rettast til kommunen eller fylkeskommunen.

Oslo – eit døme

Oslo er ein kommune der det ikkje er samsvar mellom tenestemål og administrasjonsspråk. Oslo er språkleg nøytral, og kan vera det etter språklova § 11, det vil seie at kommunen ikkje krev ei bestemt målform i skriv frå staten. For hovudstaden i eit land der det er lovfest at bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige målformer, språklova § 4, ville det òg vere underleg ikkje å vere språkleg nøytral.

Men Oslo har bokmål som administrasjonsspråk. Det blei vedteke av formannskapet 5. mai 1977 etter tilråding frå finansrådmannen og finansutvalet.

Vedtaket er seinare kommentert og presisert, mellom anna av kulturrådmannen og formannskapet i 1983: At bokmål skal vere administrasjonsspråk, gjeld skriftleg språkbruk. I munnleg framstilling står dei tilsette fritt. Tillitsfolk i kommunen kan sjølv velje både skriftleg og munnleg målform. Tenestemenn har vidare ikkje plikt til å skrive nynorsk i svar på brev på nynorsk frå organisasjonar og einskildpersonar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sigve Gramstad og Kåre Lilleholt: Lov om målbruk i offentleg teneste med kommentarar. Oslo 1983
  • Kulturdepartementet: Målbruk i offentleg teneste. Reglar og råd. Oslo 1995
  • Kåre Lilleholt: «Målbruk i arbeidslivet. Om retten til å bruke dialekt og nynorsk», Mål og makt 1/1979
  • Kåre Lilleholt, Torunn Hovde Kaasa, Atle Faye, Mimi Berdal: Verkeområdet for mållova. Rapport frå arbeidsgruppe oppnemnd av Kulturdepartementet. Oslo 2000
  • Oslo kommune, Byrådet: Språktips – en veiledning i korrekt språk. Oslo 2007
  • St.meld. nr. 35 (2007–2008): Mål og meining

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg