Zoo er eit poprockband som opphavleg kom frå Stokmarknes. Det var eit av dei leiande popnamna i Noreg tidlig i 1980-åra, og gav ut seks album.

Bandet blei danna i 1966. I 1977 blei Ketil Stokkan med i bandet, og han blei den leiande drivkrafta. I tillegg til å vere vokalist og å spele gitar komponerte han nær sagt alt materialet på dei tre første albuma. Bandet blei oppløyst i 1983, men kom saman att i 2000.

Stil

Dei første åra satsa gruppa på engelskspråkleg rhythm and blues, men skifta til norske tekstar og song på dialekt frå 1980. Dei bytte namn til Focus i 1970, men måtte skifte tilbake igjen då det nederlandske bandet Focus dukka opp.

Medlemene i det første Zoo var Royer Larsen (bass), Tobben Pedersen (rytmegitar), Gøsta Lind (trommer), Einar Jakobsen (vokal) og William Hakvaag (sologitar).

Dansbar og fengjande musikk med tekstar som handla om kvardagslivet til omreisande musikarar, blei etter kvart merkevara deira. Dei to første albuma, Captured In Zoo og Guilty, kom i 1978. Det landsomfattande gjennombrotet kom i 1980 med albumet Noregs heitaste.

Seinare historie

Bandet skifta medlemer mange gonger, og fleire gjekk over til andre band, til Prudence, Nøkken og Banana Airlines. Under gjenforeininga i 2000 var besetninga den same som i glansperioden, med Ketil Stokkan (vokal, gitar) Sverri Dahl (vokal, keyboard), Rudi Høynes (trommer), Trond Nyrud (fløyte, saksofon) og Erling Andersen (bass).

Hausten 2009 blei det sett opp ein musikal i Vesterålen basert på musikken til Zoo. Bandet spelar framleis konsertar. Trond Nyrud døydde i 2020.

Som soloartist fekk Ketil Stokkan mange hitar på Norsktoppen, og han vann Melodi Grand Prix og representerte Noreg i Eurovision Song Contest to gonger: Romeo (tolvteplass i 1986) og Brandenburger Tor (21. plass i 1990).

Største hits

Blant dei 14 Norsktoppen-hitane til bandet var desse størst:

  • «Evig ung» (1981)
  • «Vent, ikkje legg på» (1981)
  • «Si det» (1982)
  • «Aleina og litt romantiker» (1983).

Fire av deira seks album kom inn på VG-lista:

  • Noregs heitaste (tiandeplass og 30 veker i 1980)
  • Z på maken (sjetteplass i 1980)
  • Gaya (sjetteplass i 1981)
  • Shagalai (1982)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg