Faktaboks

Zhu Jiang
Perleelva, Perleelven, Perlefloden kinesisk: 珠江
Zhu Jiang
Zhu Jiang, eller Perleelva, i Haizhu, Guangzhou, Kina.
Av .

Zhu Jiang er Sør-Kinas største vassdrag. Zhu Jiang ligg sør for Chang Jiang, og etter denne Kinas nest største vassdrag målt etter vassføring.

Zhu Jiang-vassdraget består av dei tre elvane:

  • Xi Jiang (vestelva)
  • Bei Jiang (nordelva)
  • Dong Jiang (austelva)

Desse renn, i rekkefylgje, vestfra, nordfra og austfrå, og møtest i eitt stort deltaområde ved Guangzhou i provinsen Guangdong.

Det samla nedbørområdet er på 453 000 kvadratkilometer, der Xi Jiang-elva åleine omfattar 78 prosent. Xi Jiang spring ut i Maxiongfjella i provinsen Yunnan, og renn 2197 kilometer gjennom provinsane Guangxi og Guangdong. Det nedre laupet er rundt 1500 meter breidt.

Hovudmunninga er Modaomen vest for Macao, men fleire avlauparar straumar austover og går saman med elvane Bei Jiang og Dong Jiang. Bei Jiang spring ut i provinsen Jiangxi og renn 468 kilometer før ho møter avlauparar frå Xi Jiang og munnar ut ved Hongqili og Jiaomen. Dong Jiang-elva, som også spring ut i Jiangxi, er 523 kilometer lang. Det nedre laupet deler seg opp i mange avlaup, men hovedmunninga er Humen ('tigerporten'). Den totale vassføringa er på 340 milliarder kubikkmeter årleg.

Zhu Jiang-vassdraget dannar eit stort flatt deltaområde, ofte kalla Zhujiangdeltaet (eller Perleelvdeltaet), på 11 000 kvadratkilometer mellom Guangzhou, Macao og Hong Kong. Deltaområdet er det tettast befolka området i Guangdong, og det omfattar det første av Kinas tre leiande økonomiske vekstsenter.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg