Faktaboks

Zhang Qian

Pinyin: Zhāng Qiān

Wade-Giles: Chang Ch'ien

Forenkla teikn: 张骞

Tradisjonelle teikn: 張騫

Uttale

dsjang tsjien, IPA: [tʂɑŋ.tçhjɛn]

Død
114 fvt.

Zhang Qian var den første kinesiske diplomaten som vitja nabolanda i Vest-Asia. Rapportane hans var avgjerande for at Han-dynastiet kunne ekspandere og for utviklinga av Silkevegen.

Zhang Qian vart truleg først send ut i 138 fvt. for å finne yuezhiane, som antakeleg svarer til indo-skytarane i greske kjelder. Yuezhiane hadde vorte sende på flukt av xiongnuane i hundreåret før, og hadde slått seg ned i Baktria i Sentral-Asia. Den nykrona og ambisiøse keisar Wu av Han-dynastiet var i gang med å planleggje krig mot xiongnuane og ønskte hjelp frå yuezhiane mot at dei fekk flytte attende. Dette var mandatet til Zhang Qian.

På vegen vart Zhang fanga av dei sjølvsame xiongnuane. Det gjekk ti år før han klarte å flykte. Deretter fann han yuezhiane, men han lukkast ikkje i å overtale dei til å støtte han. Likevel fekk Zhangs reise vesentlege historiske konsekvensar. Zhang gjesta nemleg òg Dayuan (Ferghana), Daxia (Det gresk-baktriske riket) og Kangju (Sogdiana), og han rapporterte om desse og rika rundt då han endeleg vende tilbake til Chang’an i 125 fvt.

Så vidt vi veit, var rapportane til Zhang Qian dei første førstehandsforteljingane om rika vest for Kina, og dei vekte interessa til den ambisiøse keisar Wu. Dei var truleg avgjerande for at Han-dynastiet ekspanderte til dette området politisk og økonomisk, og dimed òg viktige for at Silkevegen tok form.

Skildringane til Zhang Qian er bevarte i Sima Qians Historiske nedteikningar frå 94 fvt., og er den dag i dag ei viktig kjelde til kunnskap om rika i Sentral-Asia på den tida.

Les meir i Store norske leksikon

Kjelder

Loewe, Michael (2000). A Biographical Dictionary of the Qin, Former Han and Xin Periods (221 BC–AD 24). Leiden: Brill

Giles, Herbert (1912). A Chinese Biographical Dictionary (2. utg.). Shanghai: Kelly & Walsh

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg