Faktaboks

Ytringen
Offisielt namn
YTRINGEN AVIS AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Kolvereid
Dagleg leiar
Synnøve Hanssen
Styreleiar
Elisabeth Netland
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Ytringen er ei lokalavis som kjem ut på Kolvereid. Avisa blei grunnlagd i 1982 og er eigd av fleire aksjonærar, Helgelands Blad med 49 prosent og Odd Reidar Øie med 48 prosent er dei største eigarene.

Ytringen dekkjer Ytre Namdal og Bindal.

Historie

Ytringen er namnet på avisa for Ytter-Namdalen. Det var gründeren og forfattaren Egil Hyldmo som grunnla avisa. Han gjorde på førehand ei marknadsundersøking, for å sjå om det kunne vere grunnlag for eit blad i dette området. Han skipa òg til ein namnekonkurranse. Ytringen fanga opp i seg både det geografiske og ideen om at avisa skulle vere eit talerøyr for lokalsamfunnet. Avisa dekte i byrjinga kommunane Fosnes, Nærøy, Vikna og Leka i Nord-Trøndelag og Bindal i Nordland. I dag satsar avisa først og fremst på Nærøy, Vikna og Leka.

Gründeren Egil Hyldmo kom frå redaktørstillinga i Stjørdalingen. Første nummer av Ytringen kom 31. august 1982. Våren 1982 hadde Hyldmo gitt ut eit prøvenummer, ei stor avis på 48 sider. I 14 dagar hadde han og medspelarane samla stoff og annonsar. Annonsetilgangen var god, og annonsane gav driftskapital i startfasen.

Avisa blei først trykt i Brønnøysund, seinare i Trondheim, og no blir avisa gjord ferdig i Namsos. I byrjinga var det ein journalist, ein kontormedarbeidar og ein deltidsseljar, ved sida av redaktør Hyldmo, som òg var disponent og annonseseljar. I tillegg skaffa dei seg eit nett av frilansarar i alle kommunane.

Ulike lag blei engasjerte til å selje abonnement. Ved første årsskiftet var talet på tingarar over 3000. Avisa blei altså godt motteken. I distriktet hadde det før kome ut avis i Rørvik, men den var slått saman med Nordtrønderen og Namdalen i Namsos. Det var behov for ei ny avis for Ytter-Namdalen, der folk var vane med å ha eiga avis.

Ytringen etablerte også ein nærradio, Radio Ytringen, eit namn som Språkrådet gav pris for. Ytringen hadde redaksjonsfilial i Rørvik, der dei laga stoff både til radio og avis. Ei tid dreiv dei òg papirhandel i same huset som avisa heldt til i på Kolvereid. Frå 1984 fekk dei eiga teknisk avdeling. Avisa har heile tida kome ut to gonger i veka, tysdag og fredag.

I 1993 selde Hyldmo Ytringen til Trønder-Avisa i Steinkjer. Seinare har Helgelands Blad kome inn som største eigar, med 49 prosent, medan Trønder-Avisa sat med 47 prosent av aksjane fram til 2016. Då selde dei aksjane til medieinvestoren Odd Øie.

Opplag

Opplagstall for Ytringen Avis, 1986-2022

1986 2413
1988 2813
1990 2845
1991 2935
1992 3008
1993 2671
1994 2578
1995 2590
1996 2925
1997 2900
1998 3028
1999 3034
2000 3026
2001 2924
2002 3066
2003 3080
2004 3162
2005 3135
2006 3138
2007 3344
2008 3610
2009 3566
2010 3478
2011 3341
2012 3083
2013 3038
2014 2837
2015 2737
2016 2563
2017 2393
2018 2260
2019 2339
2020 2374
2021 2442
2022 2397
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1986 2413
1998 3028
2008 3610
2016 2514
2020 2374

Til og med 2016 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Lesartal

Totale lesertall for papir og digitalt, inkludert åpent innhold en gjennomsnittsdag i 2016 var 5000 (Mediebedriftenes Landsforening).

Fakta

  • Fyrste nummer 31. august 1982

Redaktørar

  • Egil Hyldmo
  • Tom Lysø
  • Are Mo
  • Sturla Nordbø
  • Tore Åsheim
  • Steinar Flasnes
  • Tor Ludvigsen
  • Morten Wengstad

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Ytringen
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg