Yngwie J. Malmsteen

Faktaboks

Yngwie J. Malmsteen

Yngwie Johan Malmsteen, Lars Johan Yngve Lannerbäck

Uttale

Ingvey Malmstin

Født
30. mars 1963, Stockholm, Sverige

Artikkelstart

Yngwie J. Malmsteen er ein svensk virtuos-gitarist, som på 1980-talet etablerte seg som ein av dei viktigaste premissleverandørane for gitarteknikk i heavy metal. Han er rekna som ein av pionerane innanfor blanding av heavy metal og klassisk musikk, og som skaparen av undergenren neo-klassisk metal.

Malmsteen flytta som nittenåring i 1982 til USA for å bli med i bandet Steeler. Bandet gav ut det einaste albumet sitt året etter, men då spela Malmsteen allereie i bandet Alcatrazz, leia av den tidlegare Rainbow-songaren Graham Bonnet. Her gav han ut albumet No Parole for Rock n’ Roll (1983) og Live Sentence (1984; live). I 1984 byrja han bandet Yngwie Malmsteen’s Rising Force, som gav ut ei sjølvtitulert deubtplate det same året. Etter dette har han vore soloartist, og han er kjend for å skifte ut bandmedlemmar svært hyppig. Malmsteen hadde det kommersielle høgdepunktet sitt på 80-talet, med platene Marching Out (1985), Triology (1986) og Odyssey (1988). Sidan 90-talet han fått mindre kommersiell merksemd, men blei med albumet Fire & Ice (1992) ein av få vestlege artistar som har gått til topps på hitlistene i Japan.

Den imponerande speleteknikken til Malmsteen sprengde på andre halvdel av 80-talet grensene for kva som var rekna som mogleg av hurtig gitarspel. Han er i sær kjend for å ha konsentrert og popularisertspeleteknikken «sweep picking» (ein teknikk for å spela linjer og arpeggio med hurtige strengeskifte effektivt, som om lag tilsvarar spiccato på strykeinstrument). Kor nyskapande han eigentleg var kan diskuterast. Malmsteen meiner sjølv at spelestilen hans har opphav i klassisk musikk, og i sær i musikken til Niccolo Paganini og Johann Sebastian Bach. Samstundes finn ein allereie dei fleste av ideane hans hjå gitaristar som Ritchie Blackmore (Deep Purple, Rainbow), Uli Jon Roth (Scorpions, Electric Sun), Randy Rhoads (Quiet Riot, Ozzy Osbourne) og Al Di Meola. Likevel kan Malmsteen kreditterast med å ha semetert mange klassisk-lydande idear som ein del av heavy metal-genren, samt musikalske ressursar som forminska fireklangar og harmonisk moll, som i dag er faste innslag i heavy metal.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg