Yngvar

Artikkelstart

Yngvar er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Yngv-arr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet tyder ‘krigar’.

Namnet har fleire variantar: Yngvar, Ingvar.

Namnedag er 25. september. Ingvar har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Yngvar

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var professor i geografi og etnografi i Kristiania, Yngvar Nielsen, fødd 1843 i Arendal.

Kjende personar med namnet Yngvar

Eit utval personar med namnet Yngvar, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1800 menn (fødde i Noreg) som hadde Yngvar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg