Yasmin Fahimi

Yasmin Fahimi, tysk politikar for SPD. Generalsekretær i partiet sidan desember 2013.

Bakgrunn

Fahimi har iransk far, tysk mor og voks opp i Hannover. Ho er utdanna diplomkjemikar ved universitetet i Hannover.

Politisk karriere

Fahimi melde seg inn i SPDs ungdomsorganisasjon Jusos i 1984. Fram til ho vart vald som generalsekretær i partiet, var ho aktiv i SPD i Hannover. Frå 1998 og fram til 2013 arbeidde ho i ulike stillingar i fagforeininga IG Bergbau, Chemie, Energie som organiserer arbeidstakarar innanfor kolindustrien og den kjemiske industrien.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg