Faktaboks

Yao Wenyuan

姚文元

Fødd
1924
Død
2005
Yao Wenyuan
Yao Wenyuan
Av /𝒲.

Yao Wenyuan var ein kinesisk journalist og politikar. Han vart arrestert i 1976 som medlem av Firarbanden og dømd i 1981 til 20 års fengsel.

Bakgrunn

Yáo Wéyuán (姚文元) er særleg kjend for å ha skrive «Omtale av det nye historiske dramaet Hai Ruis avskjedigelse», ein artikkel som blir rekna for å ha sett i gang kulturrevolusjonen. I artikkelen, som vart publisert 10. november 1965, går Yao til angrep på teaterstykket og skuldar forfattaren Wu Han for indirekte kritikk av Mao. Han tolkar teaterstykket, som handlar om ein eksemplarisk embetsmann under Ming-dynastiet, som ein allegori på Maos fjerning av Peng Dehuai i 1959, etter at sistnemnde kritiserte «det store spranget».

Firarbanden

Yao vart ein av Kinas mektigaste politiske figurar under kulturrevolusjonen, som del av den såkalla Firarbanden. I 1969 vart han medlem av politbyrået i kommunistpartiet. Yao vart arrestert i 1976, lauslaten i 1996 og døydde, som den siste av Firarbandens medlemmer, seint i 2005.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg