Faktaboks

Xuanzong av Tang

Pinyin: Táng Xuánzōng

Kinesiske teikn: 唐玄宗

Fødd Lǐ Lóngjī 李隆基, òg kjend under det posthume namnet Mínghuáng 明皇.

Uttale

kjuæn-dsong, IPA: [ɕɥɛn.tsuŋ]

Fødd
8. september 685, Luoyang, Kina
Død
3. mai 762, Xi'an, Kina
Xuan Zong av Tang
Xuan Zong av Tang
Av /𝒲.

Xuanzong var kinesisk keisar frå 712 til 756, under Tang-dynastiet.

Xuanzong vart fødd som Li Longji i 685 i Luoyang. Han var barnebarn av Kinas einaste kvinnelege keisar gjennom historia, Wu Zetian. Wu Zetian vart avsett i eit kupp i 705, og i dei kaotiske åra som følgde, viste Li seg som ein ambisiøs og driven politikar. Han vart forfremma til kronprins og overtok trona då faren Ruizong abdiserte i 712, som keisar Xuanzong.

Både kulturelt, økonomisk, territorialt og militært blir den tidlege perioden hans rekna som gullalderen i Tang-dynastiet – enkelte vil jamvel seie i Kina. Samtidig får han gjerne skulda for An Lushan-opprøret, ein borgarkrig som varte frå 755 til 763 og resulterte i ei permanent svekking av Tang-styresmakta. Xuanzong abdiserte i 756, under press frå misfornøgde støttespelarar.

Den aukande korrupsjonen under Xuanzongs styre blir tradisjonelt forklart med at han var djupt forelska i konkubina Yang Guifei. Deira forhold og Yang Guifeis død i 755 er ei av dei store kjærleiksforteljingane i kinesisk tradisjon.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg