Faktaboks

Wu av Han

Pinyin: Hàn Wǔdì

Forenkla teikn: 汉武帝

Tradisjonelle teikn: 漢武帝

Fødd Liú Chè 劉徹.

Uttale

o, IPA: [u]

Fødd
157 fvt.
Død
87 fvt.
Wu av Han
Wu av Han
Av /𝒲.

Keisar Wu av Han, som regjerte frå 141 til 87 fvt. under Han-dynastiet, er ein av dei mest vidgjetne keisarane i kinesisk historie. Under det lange styret hans vart keisarmakta meir eineveldig, kinesisk kontroll over karavanevegane i Sentral-Asia vart sikra, og riket vart utvida til å femne om dagens Nord-Korea, Sør-Kina og Nord-Vietnam.

Wu er eit posthumt keisarnamn som tydar "krig". Det eigentlege fødenamnet hans var Liu Che.

Innanriks: konsolidering av keisarmakta

Liu Che var berre den tiande sonen til keisar Jing. Gjennom politisk list rakk han likevel å klatre til kronprins-status innan faren døydde.

Då han tok over trona, sette han raskt i gang eit reformprogram som la vekt på sentralisering og byråkratisering av statsmakta. Samtidig løfta han konfusianismen fram som offisiell statsideologi. I praksis var dette ei legering av konfutsianismen med den vanæra legalismen og til dels daoismen. Dei politiske og ideologiske reformane til keisar Wu vart grunnlaget for den berande ideologien for Kina dei neste to tusenåra, såkalla statskonfusianisme.

Utanriks: ekspansjon av keisarriket

Wu såg seg ikkje nøgd med konsolidering av riket og sette snart i gang med ekspansjonar i alle retningar. I 135 fvt. nedkjempa han Minyue i søraust; i 133 begynte dei vellukka felttoga mot xiongnuane i nord; og i 111 sigra han over Nanyue, som spende over store delar av Sør-Kina og Nord- og Sentral-Vietnam. Nord-Korea vart invadert to år etter. Desse områda vart innlemma i riket under direkte administrasjon. I tillegg sende Wu felttog inn i Sentral-Asia og sørgde dermed for at Kina fekk kontroll over denne delen av Silkevegen.

Ettermæle

Desse viktige politiske reformene og territoriale utvidingane har sikra keisar Wu ein plass i historia blant Kinas mest kompetente og ruvande keisarar. Han blir òg hugsa for overdriven despotisme, som mellom anna kom til syne då han fekk kastrert den mest kjende kinesiske historikaren gjennom tidene, Sima Qian.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg