Faktaboks

Werner Werenskiold

Werner Nilsen Werenskiold

Fødd
22. april 1831, Drammen, Viken
Død
20. oktober 1908

Werner Werenskiold var jurist og målmann.

Werner Werenskiold var fødd i Drammen. Han vart student i 1849 og tok juridisk embetseksamen i 1855. I åra 1854–1856 var han sakførarfullmektig, og sidan arbeidde han i hovudsak i statsforvaltninga, der han var innom fleire departement.

Werenskiold var ein av mennene bak bladet Vort Land, som kom ut i 1867. Aasmund Olavsson Vinjes Dølen var ein periode ein del av dette bladet. Sidan var Werenskiold med på å gi ut landsmålsbladet Andvake i 1871. I 1868 var han òg med på å stifte Det Norske Samlaget, og han møtte gjerne på møta der.

Werenskiold var blant dei som meinte bygdemåla i større grad måtte verte dyrka i landsmålet. I 1866 gav han ut boka Salomons laas. Forteljing i Thelemaal, emna fraa Tusend og ei Nott, som han skreiv på telemål. Han sette ikkje namnet sitt på boka, men det vart raskt kjent kven som hadde skrive henne. Werenskiold heldt fram med å skrive, og han publiserte både på telemål og på dansk, men oftast under pseudonym.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg