Wenche er eit kvinnenamn som går tilbake til middellågtysk Weneke (og Wineke). Dette er diminutiv («vesleform») av namn på Win- som tyder ‘venn’. Ei omsetjing til norsk ville dermed vere ‘veslevenninne’.

Namnet har fleire variantar: Venche, Vencke, Venke, Wenche, Wencke, Wenke.

Namnedag er 17. august. Verner har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Wenche

Eit utval personar med namnet Wenche, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 13 463 kvinner i Noreg som hadde Wenche som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Wenche var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Det er fleire stavevariantar av dette namnet, men det er berre Wenche som er så mykje brukt at det kan bli representert med kurve. Wenche var på topp 1955–1959, og dette var tidleg i hovudperioden for dei tostava kvinnenamn på -e (1955–1999). Andre namn av denne typen med toppfase i hovudperioden er Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Silje, Tine, Stine, Tone, Tonje, Tove, Trude og Vilde. Wenche Myhre (fødd 1947) var barnestjerne på slutten av 1950-åra, og ho har nok bidratt til populariteten for namnet. Også skodespelaren Wenche Foss (1917–2011) har nok medverka til at namnet vart populært.

Utvikling i bruk av namnet Wenche frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Wenche frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg