Faktaboks

Waldemar Dons
Uttale

Waldemar Theodor Dons

Fødd
26. mars 1849, Trondheim
Død
2. januar 1917, Kristiania (nå Oslo)
Verke
Filosof
Familie

Foreldre: Adjunkt Carl Jacob Waldemar Dons (1810–1878) og Severine Dorothea Lindeman (1814–1888).

Ugift.

Waldemar Dons var ein norsk filosof. Han er mest kjend for ei rekkje forelesingar over forholdet mellom religion og vitskap som han heldt i 1879. Forelesningane vekte stor oppsikt ved den skarpe kritikken sin av dei kristne dogma, noko som førte til ein bitter strid mellom professorane Ferdinand Lochmann og Georg Vilhelm Lyng.

Dons var elev av Marcus Jacob Monrad og universitetsstipendiat i 1875–1882. Dons lét seg oppta i Den romersk-katolske kyrkja i 1881, og fråtredde stillinga si ved Universitetet i Oslo året etter.

Bakgrunn

Det vart sett store voner til den unge Waldemar Dons. Han var eit bråmoge skulelys og tok både examen artium og andre eksamen med toppkarakterar.

Alt tidleg la han for dagen sterke filosofiske interesser. Tett samanknytte som teologien og filosofien framleis var, tok Dons etter andreeksamen fatt på teologistudiet. Men han rak snart over i filosofien, visseleg tilskunda av den dominerande filosofiprofessoren Marcus Jacob Monrad, som snøgt merka seg hans rike evner.

Tidlege utgjevingar

Så vart Dons, utan embetseksamen og utan filosofisk forfattarskap, våren 1873 send til Uppsala for å studere boströmianismen. Den svenske nasjonalfilosofen Christopher Jacob Boström var død i 1866, men hans ekstremt idealistiske filosofi var framleis eit sterkt incitament i svensk åndsliv, og då særleg i Uppsala, der Boström hadde hatt sitt lange virke.

Det var rike år, og Dons fekk frå hand det eine filosofiske verket etter det andre, Om Boströmianismen (1874), Om Positivismen (1877) og endeleg Niels Treschow og hans philosophiske System (1878). Hegel dominerer vel sterkast i det fyrste. Trass i alvorlege innvendingar mot boströmlæra, var Dons sin konklusjon: «Boströmianismen viser sig med andre Ord ubevidst at adlyde den spekulative Logiks Love».

Denne konklusjonen kunne like godt ha vore brukt på avhandlinga om positivismen. I si tredje avhandling rak Dons bort frå både Boström og Hegel og deler utviklingsoptimismen sin med Niels Treschow, som han finn – truleg med feste i eigne naturvitskapelege studiar – vert ein forlaupar for Charles Darwin. Hegelianaren Monrad mislika sterkt denne avhandlinga.

Filosofisk ståstad

Dons var ein ustø tenkjar som støtt var på veg og difor vanskeleg å setja i bås. Men truleg emna han på ein personleg filosofi i skjeringspunktet mellom tysk idealisme og nyvinningane innan tidas naturvitskap. Han tenkte og arbeidde i den lei, men nådde vel aldri fram. Noko fordi han reiv ned etter kvart, noko på grunn av sin harde trass andsynes det meste og dei fleste, men mest kanskje grunna sin slitande trældom under alkoholen, den som til tider øydde han heilt.

Forholdet mellom Monrad og Dons kolna etter kvart. Så vart det filosofiprofessoren Georg Vilhelm Lyng som måtte prøve å hjelpe Dons då det verkeleg kneip.

Forelesningsrekkja i 1879 og dogmestrid

Ut frå hans djupe sanningstrong hadde fylgjande problemstilling vorte hans høgst personlege i den førelesingsrekkja han som universitetsstipendiat byrja på haustsemesteret 1879: «Hvorvidt kan en sand livsanskuelse forbindes med den moderne videnskabs resultater?»

Han fekk ikkje fullførd rekkja. Den stokk-konservative medisinprofessoren Ferdinand Lochmann greip inn og fekk stogga ho. Grunngjevinga var at den krasse kritikken mot teologien og dogma i kyrkja i røynda var eit åtak mot sjølve kristendomen.

Ein heftig strid fylgde innan universitetet og pressa. Striden greip djupt og vart etter kvart eit oppgjer mellom dei konservative og liberale kreftene i det norske åndslivet. Innan universitetet dømde ein sensurkomité mildt, kollegiet hardare i sin påtale av den krasse forma i Dons sine forelesingar. Endeleg fekk Monrad og Lyng i oppdrag å uttala seg om deira vitskaplege verd. Lyng fann dei heldt mål, Monrad ikkje. I ein artikkel i Dagbladet 20. desember 1879 hevda Lyng at Dons sitt kristendomssyn skil seg lite ut frå det offisielle i landet, og filosofisk vaklar han i sitt forhold til Hegel. Likevel finn Lyng eit vesentleg aktivum hjå Dons: «Han er stærkt greben af Tidens Gjæring».

Etter dogmestriden

Dons vart sjuk og fekk – betimeleg nok – permisjon. Friskmeld førelas han våren 1880 over Auguste Comte. Så orka han ikkje meir, og frå 1882 var det slutt med stipendiet.

Dons gav tidleg til kjenne katolske sympatiar og vart i Berlin i januar 1881 oppteken som medlem i den katolske kyrkja.

I 1891 vende Dons attende til Trondheim, der han vart journalist og ei tid redaktør i bladet Folketidende. Åtaka på villfaringane i kyrkja heldt fram, og særleg kjende katolikkane seg trakka på, dei som ei tid hadde teke den forkomne drikkaren i hus og prøvt å hjelpa han. Frå høgt katolsk hald fekk han no vita at han hadde gjort seg fortent til ekskommunikasjon, men denne vart aldri sett i verk.

Til sist måtte hans næraste familie ta seg av han. Men i alt hans elende arbeidde tanken med filosofiske problem. I eit privatbrev frå hausten 1911 viser han til fleire emne under arbeid, mellom anna Er Gud til? og Filosofisk Forskole.

Dons brende sjølv mange av skriftene sine, og truleg er også desse farne same vegen. Men eit par av hans fantastiske arbeid er bevart, som til dømes Af Grandonkels Papirer. Meddelelser fra Aandeverdenen. Kanskje er desse arbeida med sin filosofiske leik uttrykk for ein slags galgenhumor, til døyving av det såre og audmykjande i eit liv han sjølv har opplevd som forspilt.

Ved juletider 1916 vart Dons alvorleg sjuk. Han var då hjå ei syster i Kristiania. På dødsleget prøvde han å kontakta den katolske kyrkja, men vart avvist. Så døydde han 2. januar 1917 på Ullevål sjukehus og vart gravlagd etter ritualet til den lutherske kyrkja.

Verk

Utgjevingar

  • Om Boströmianismen, 1874
  • Om Positivismen, 1877
  • Niels Treschow og hans philosophiske System, 1878

Artiklar

  • «Om Tolerance», Folketidende, 1893–1894
  • «En moderne tænker», Samtiden, 1908
  • «Et brev», 1908, Samtiden, 1917

Ikkje trykt materiale

  • Nogle selvbiografiske meddelelser, 1905, i Universitetsbiblioteket UiO
  • Af Grandonkels Papirer. Meddelelser fra Aandeverdenen, Universitetsbiblioteket NTNU

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dons, K.: Den dansk-norske slægt Dons, 1902, revidert 1959, manuskript ved Universitetsbiblioteket NTNU
  • Lyng, G. W.: Forsoningens tolker, med etterord av A. Veland, 1997
  • Svortdal, Knut: Waldemar Dons, 1952

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg