Kannesteinen.

Kannesteinen.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

Vågsøy er ei øy i Kinn kommune, Vestland fylke.

Øya ligg på nordsida av Nordfjord. Øya er skild frå fastlandet ved Ulvesundet, der Måløybrua på riksvei 15 går mellom Måløy og Deknepollen på fastlandet. Øya har eit areal på 59,1 kvadratkilometer. Høgste punkt er Veten på 613 meter over havet. På søraustsida av øya ligg tettstaden Måløy der dei fleste av innbyggjarane på øya er busett.

Kråkenes fyr ligg på nordvestodden. Den tre meter høge steinen Kannesteinen, som har fått si spesielle form av bølgjer gjennom tusener av år, ligg i bygda Oppedal på vestsida. Refvikvatnet og Refviksanden ligg nord på øya med noko turisme. Skongsneshellaren er den største hellaren på øya.

Den 29. januar 2016 raste orkanen Tor over Vestlandet. Det vart målt ei vindsnøggleik på 48,9 meter per sekund på Kråkenes fyr, som er den kraftigaste vindstyrke som er målt i Noreg nokon gong.

Vågsøy lå fram til kommunesammenslåinga i 2020 i Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane.

Kart

Vågsøy
Vågsøy
Av /Statens kartverk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar (3)

skreiv Atle Råsberg

Av ein eller annan grunn står siste siste setninga i artikkelen på bokmål.

svarte Svein Askheim

Sorry, la ikke merke til det. Vil du skrive den på nynorsk?

svarte Svein Askheim

Jeg la inn på nynorsk og håper det ble riktig :-) takk for tipset.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg