Vokalfirkanten, vokalsystemet i norsk
Vokalfirkanten, vokalsystemet i norsk
Av .
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Vokalfirkanten plassert i munnhola
Vokalfirkanten plassert i munnhola
Lisens: CC BY SA 3.0

Vokalfirkanten er eit slags grovt kart over munnhola og viser kvar i munnen og korleis dei ulike vokalane vert artikulerte.

Vokalar er stemde språklydar. Det vil seia at stemmebanda vibrerer når ein uttalar ein vokal. I tillegg er vokalar lydar ein kan syngja på, for luftstraumen møter ingen hindringar på vegen ut.

I det norske språket er ni vokalar (vokalfonem) det vanlege: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Det finst dialektar her i landet som har fleire vokalar enn desse ni.

Viktig å skilja mellom fonetisk og fonologisk nivå, og mellom ortografi (for eksempel <å>) og fonetikk/fonologi (/o/, [ɔ], [o]).

Tungestillinga under artikulasjonen av ein lyd kan teoretisk variera i det endelause i horisontal og vertikal lei. Det er likevel vanleg å dela inn vokalane i tre stillingar horisontalt: fremre, midtre og bakre, og i fire nivå vertikalt: trong, halvtrong, halvopen og open (for den vertikale plasseringa i firkanten kan ein stundom finna nemningane høg, mellomhøg, mellomlåg og låg i litteraturen). Når ein skal klassifisera vokalane i dei fleste norske dialektane, treng ein likevel berre ei tredeling i kvar lei.

Inndelinga av vokalane bli då slik:

  1. ei horisontal inndeling i fremre (i, e, æ, y, ø), midtre (u, ə, a) og bakre (å, o) vokalar
  2. ei vertikal inndeling i tronge (i, y, u), halvtronge eller halvopne (e, ø, o) og opne (æ, a, å)

Vokalar som er tronge, vert artikulerte med tunga høgt i munnhola, medan vokalar som er opne eller låge, vert artikulerte med tunga langt nede. Vokalar som er bakre, vert artikulerte ved å trekkja tunga bakover i munnhola, medan dei fremre vert artikulerte ved at ein skyv tunga framover. Plasseringa av vokalteikna i vokalfirkanten fortel om kvar det er minst avstand mellom den langsgåande midtlinja av tunga og munntaket under uttalen av dei einskilde lydane.

Runda og urunda vokalar

Under artikulasjonen kan leppene vera attoverdregne og vide, eller dei kan vera framskotne og runda. Svarande til denne ulike leppeartikulasjonen får me då urunda vokalar (i, e, æ, a) og runda vokalar (y, ø, u, o, å).

Korte og lange vokalar

Vokalane kan vera både korte og lange. Det er for eksempel forskjell på a-lyden i orda mat og matt. I lydskrift set ein kolon etter vokalen for å markera lengde: /a:/. Vokalar som står aleine, vert kalla for monoftongar. Norsk har altså ni monoftongar. I tillegg har norsk språk òg fem diftongar: ei (grei), au (sau), øy (gøy), ai (hai) og oy (soya). Bokmål har berre lange diftongar, men på nynorsk og i nokre dialektar kan diftongane vera både lange (lei, snau, døy) og korte (greitt, snautt, døytt).

Den korte varianten av norske vokalar er ofte noko opnare/lågare enn den tilsvarande lange. Fonetisk sett vert difor kort e og lang å uttala høvesvis med dei halvopne vokalane [ɛ] og [ɔ], medan lang e og lang å vert uttala med dei halvtronge vokalane [e] og [o].

Midttungevokalen (schwa) [ə]

I tillegg til dei oppsette ni vokalane på vokalfirkanten finst det ein slapp midttungevokal, ein e-lyd, med teiknet ə i lydskrift. Denne vokalen har som regel oppstått ved vokalreduksjon. Vokalen [ə] liggmidt i munnen, med tunga nærast i kvilestilling og urunda lepper, og er i mange norske dialektar ei vanleg uttale av e i trykklette stavingar: å køyrə, å kjøpə, lærəbok og så bortetter. [ə] er ikkje eit eige fonem i norsk, men ein allofon av fonemet /e/. Fonem vert til vanleg skrivne mellom skråstrekar, og dei språklydane som faktisk vert uttala, fonar/allofonar, mellom hakeparentesar).

Når det gjeld midtungevokalen ə, som vert kalla schwa (frå hebraisk), så er ikkje denne vokalen like mykje til stades i alle norske dialektar. Denne vokalen er nok mest i bruk på Sør-Austlandet og i kyststroka sør og vestover landet. Minst bruk av schwa-vokalen er det nok i midlandsmåla, der ein ofte finn fullvokalar i bøyiingsendingar. Det er samla sett nokså vanskeleg å trekkja grensene for utbreiinga av vokalen schwa i norske dialektar.

Monoftongane i norsk

  • i(ː) = urunda fremre trong (mil, is)
  • y(ː) = runda fremre trong (ny, syl)
  • ʉ(ː) = runda midtre trong (hus og bru)
  • e(ː) = urunda fremre halvtrong (lesa, eta) eller halvopen (ess, lett)
  • ø(ː) = runda fremre halvtrong (søt, møta)
  • u(ː) = runda bakre trong (fot, sko)
  • o(ː) = runda bakre halvtrong (sove, båt) eller halvopen (kopp, rått)
  • æ(ː) = urunda fremre mellom halvopen og open (læra, tær)
  • a(ː) = urunda midtre open (matt, mat)

Les meir i Store norske leksikon om

Litteratur

  • Beito, Olav (1986): Nynorsk grammatikk : Lyd- og ordlære. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Kristoffersen, Gjert (2007): The Phonology of Norwegian. Oxford: Oxford University Press, UK.
  • Nordgård, Torbjørn red. (1998): Innføring i språkvitenskap. Oslo: Ad Notam Gyldendal.
  • Simonsen, Hanne Gram mfl. (1992): Språkvitenskap : En elementær innføring. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Vanvik, Arne (1983): Kort innføring i fonetikk. Oslo: Universitets-forlaget.

Kommentarar (2)

skreiv Tor-Ivar Krogsæter

Kva gjeld schwa, er det så vidt eg veit eit fonem som ikkje er til stades i like stor grad i alle dialektar. (Eg skulle gjerne ville seie at han ikkje er i bruk i «breiare» dialektar, slik som min eigen, men det vil vere ein litt for bastant påstand til at eg kan gå god for han). I alle høve har eg forstått det slik at han er vanlegare til dømes i områda rundt Oslo og sørvestover, via Sørlandet og vidare opp mot bergenstraktane. Han forten kanskje litt meir detaljert forklaring enn kva han har no.

svarte Martin Skjekkeland

Hei!

Eg har nå skrive inn i artikkelen noko av det du nemner om vokalen schwa. Det er nokså vanskeleg å trekkja grensene for utbreiinga av denne vokalen i norske dialekter.
Mange takk for kommentaren!

Helsing

Martin Skjekkeland

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg