Viva er eit kvinnenamn som kan vere a-form av Vivi. Viva kan også gå tilbake til det latinske adjektivet viv-us/-a som tyder ‘levande’.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i Noreg, var fødd i USA 1887: Viva Rasmusen. Under folketeljinga 1900 var ho busett i Bergen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Viva som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg