Faktaboks

Knut Rasmusson Nordgarden
«Vis-Knut»
Fødd
14. desember 1792, Svatsum i Gausdal, Oppland
Død
16. mai 1876, Gausdal
Verke
Bonde, lekpredikant og “mirakelmann”
Familie

Foreldre: Bonde Rasmus Johansen (f. 1749) og Mari Olsdatter (f. 1760).

Ugift.

Knut Rasmusson Nordgarden

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Knut Rasmusson Nordgarden
Av /Kunnskapsforlaget/NTB Scanpix ※.

Knut Rasmusson Nordgarden var ein norsk bonde, lekpredikant og synsk «mirakelmann». Han heldt religiøse møte med bodskap til folk om å vende seg frå syndene sine, men vart etter kvart dømt for kvakksalveri. Nordgarden beheldt etter dette eit godt rykte for å kunne lækje sjukdommar og finne underjordiske vasskjelder.

Barne- og ungdomsår

Knut Rasmusson Nordgarden voks opp i små kår, og var frå tidleg barndom plaga av «fallesjuken», i dag kjent som epilepsi. Han prøvde alle råd mot sjukdommen, mellom anna å gå rundt med ein «signetull» på brystet, ein magisk gjenstand som skulle lækje. Han lærde knapt å lese, men hadde eit godt minne og lærde bøkene utanåt av andre. I ungdommen gav sjukdommen seg noko, og han drog ut frå heimen for å tene. Sjukdommen kom etter kvart tilbake, og han vart svært deprimert.

Syn og religiøse møte

Under eit anfall i 1818 fekk han for første gong ei sterk indre oppleving. Brått ei natt høyrde han «en himmellyd af harpespil, af fioliner og klarinetter, [...] og siden et kor af himmelske stemmer, syngende aandelige sange». Eitt av versa som vart sunge, oppfordra han til å kaste vekk gjenstanden han bar rundt halsen og heller stole på Guds medikament. Seinare «fekk» han mange vers på denne måten. Han kjende også at han vart styrt på annan måte, då han somme gonger opplevde at føtene hans ikkje ville rikke seg, medan dei andre gonger førte han til stader han ikkje hadde tenkt seg.

I desse versa vart det også sagt til han at han skulle gå rundt og be folk vende seg frå synda si. Nordgarden tok til å halde oppbyggingsmøte opp gjennom Gudbrandsdalen, og folk flokka seg rundt han for å høyre og sjå denne underlege mannen. Han fekk mange gode venner, men presteskapet reiste seg mot han. Sjølv om fleire av dei meinte at Nordgarden var ein ærleg mann og hadde god tru og vilje, meinte dei òg at han ikkje hadde var ved sin fulle forstand. Fleire meinte han var ein «sværmer, en mild vanvittig», som førte folk på ville vegar.

Motstand

Før Konventikkelplakaten vart oppheva i 1842, var det ikkje lov for lekfolk å halde religiøse møte. Ein gong Nordgarden var i Sør-Fron og heldt møte, melde presten han til futen, og han vart henta av lensmannen og på brutal måte ført attende til Gausdal. Dette vart det sendt klage om til kyrkjestatsråden, og Nordgarden blei møtt med sympati av kyrkjestatsråd Niels Treschow. Ved seinare klager frå prestane tok kyrkjestatsråden han igjen i forsvar.

Nordgarden fekk derimot ikkje støtte blant haugianarane. Dei tok avstand frå han både av læremessige og andre grunnar. Haugianarane meinte at det ikkje var nok å formane folk til å halde seg borte frå synd og laster, men at folk òg måtte omvende seg og bli fødde på ny. Vidare var det mot læra om menneskets fri vilje når Nordgarden hevda at han vart styrt eller leidd. Dei meinte også at han braut med skrifta når han tok avstand frå brennevin, og dei likte heller ikkje at han ikkje arbeidde.

I 1828 vart det reist tiltale mot Nordgarden for kvakksalveri, for å ha forstyrra lov og orden og for å ha halde religiøse møte. Han fekk ei bot på 16 daler for kvakksalveri, og for dei andre brota vart han dømt til 14 dagar på vatn og brød hos bygdelensmannen.

Rådgjeving

Etter dette tok Nordgarden til å reise rundt og finne vatn for folk og gi råd og rettleiing i mange spørsmål. Det går mange historier om folk som drog til «Vis-Knut» for å få råd for sjukdom, for å finne att folk eller dyr som hadde blitt borte, eller for å finne malm og skattar. Han fekk eit godt rykte og reiste over store delar av Austlandet. Han kom likevel attende til Gausdal, der han heldt fram med å lækje folk. Han heldt også samlingar ein gong iblant. Han vart oppsøkt av mange, heilt frå Sverige og Danmark.

Rundt 1855 flytta Nordgarden til Erlandhusom nedst i Espedalen, ein husmannsplass under Nordgarden, og her budde han til han døydde. På grava hans ved Svatsum kyrkje vart det av bygdefolket reist ein bautastein med eit relieff av Nordgarden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • J. Skar: Visknut, Hamar 1876 (nye utg. 1898 og 1933)
  • B. Bjørnson: Vis-Knut, 1898 (først trykt som føljetong i Ude og Hjemme nr. 30–33/1877–78)
  • O. M. Stubberud: «Vis-Knut», i Årbok for Dølaringen 1931, s. 25–30
  • R. T. Christiansen: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bind. 10, 1949
  • A. Møller: Vis-Knut, 1980
  • F. E. Johannessen: Gausdal bygdehistorie, bd. 3, Gausdal 1990, s. 201–203

Faktaboks

Knut Rasmusson Nordgarden
Historisk befolkingsregister-ID
pf01058256003100

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg