Vippe pinne er ein tradisjonell leik med to lag, der ein nyttar ein kort og ein lang pinne til å vippe eller kaste.

Reglar

Til leiken treng ein to pinnar, ein lang på 60-90 cm og ein kort på 20-30 cm, og i tillegg to steinar eller ei grop som den korte pinnen kan ligge over.

Deltakarane deler seg inn i to lag, eitt innelag og eitt utelag. Innelaget legg den korte pinnen over to steinar, eller over ei grop (gryte) ein har grave i bakken. Ved å stikke den lange pinnen inn under den korte, skal ein vippe eller kaste han så langt ein greier. Utelaget skal prøve å gripe den korte pinnen før han fell i bakken. Greier dei det, får dei 10 poeng. Greier dei ikkje å fange pinnen, tar dei han opp frå bakken og prøver å kaste han mot den lange pinnen som no er lagd over steinane eller gropa. Treff dei den lange pinnen, får dei 5 poeng. I begge tilfelle får dei byte plass med innelaget.

Dersom utelaget ikkje greier å fange kortpinnen i lufta, eller å treffe langpinnen når dei kastar den korte tilbake, får innelaget vippe pinnen på nytt.

Innelaget får poeng når utelaget ikkje greier å fange pinnen i lufta. Då måler ein avstanden frå gropa til der pinnen landa, og får eitt poeng for kvar langpinnelengde.

Det laget som først får 100 poeng, eller som har flest poeng når leiken tar slutt, er vinnaren.

Lokale variantar

Både namnet på leiken og reglane for han, kan variere frå stad til stad. Nokre stader var det vanleg med fleire typar slag, for eksempel ved at ein i andre runde heldt kortpinnen i handa og slo han av garde med langpinnen. Andre stader fekk alle på innelaget vippe pinnen før dei bytta plass med utelaget.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg