Vinskvetten er ei musikkgruppe frå Salhus utanfor Bergen med utbreidd konsert-, plate- og revyproduksjon sidan 1975. Vinskvettens varemerke er humor, strilekultur og striledialekt.

Faktaboks

Også kjend som

Salhus Vinskvetten (tidlegare namn)

Bakgrunn

Namnet Vinskvetten (før Salhus Vinskvetten) er inspirert av vokalgruppa Salhuskvintetten, som var svært populær i 1950- og 1960-åra. Besetninga til gruppa har endra seg gjennom åra, men kjernen er musikarane Bjørn Jensen (frontfigur, vokal, gitar), Gunnar Låstad (bass), Arild Totland (trommer), Øyvind Østerbø (gitar), Jarle Farestveit (trekkspel). Namnet vart forkorta frå Salhus Vinskvetten til Vinskvetten i 1997.

Tema

Den fiktive bygda Råthåla, alias Salhus, er Vinskvettens univers, med tekstilindustri, ferjekai og strilekultur. Eit steinkast unna ligg Bergen by, med sin modernitet og tradisjonar for strileforakt. I dette spenningsfeltet utfaldar Vinskvetten ein grovkorna og sjølvutleverande humor, gjerne kledde i lusekufter og slips. På den eine sida karikerer Vinskvetten strilane, gjennom sjølvironi, men denne folkelege humortradisjonen handlar òg om kulturelt sjølvmedvit og ein opposisjon til dei urbane kulturelitane. Eliten sine standardar og verdiar blir suverent ignorerte av karar og kvinnfolk frå Råthåla.

Utgivingar og framsyningar

Vinskvetten har gitt ut sju album, og tre av dei har selt til gullplate: Platå (1988), På helså laus (1991) og Rånnyen og kveitebollen (1997). Mange songar og revyfigurar lever etter gruppa, men over alle tronar Ferjebillettøren. Peder'n, spela av Bjørn Jensen, insisterer på hovudrekning i alle situasjonar, og med denne figuren trefte Vinskvetten noko vestlendingar kjenner og liker. To songar har vore på Norsktoppen: Data-Dagros (1984) og Sokkane (1994)

Revyen No kjem dei tre siste (2008–2009) selde over 30 000 billettar, og gruppa har seinare gjort comeback med populære framsyningar som Me gjer oss aldri (2012) og Mysteriet på Ullaloftet (2019).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ose, B. (1996): Helselaust. Historien om Salhusvinskvetten. Bergen: Eide

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg