Vilja

Artikkelstart

Vilja er eit kvinnenamn som kan vere ein norsk stavevariant av det tyske Wilja som er kortform av samansette namn med forleddet Wil- med tydinga ‘vilje’. I nokre tilfelle kan Vilja vere avleidd av mannsnamnet Viljar. Vilja er dessutan eit finsk namn som tyder ‘grøde’. I Noreg er namnet assosiert med ordet vilje.

Namnet har fleire variantar: Vilja, Vilje.

Kulturell bruk

  • Skognymfa Vilja i operetten «Den glade enke» (1905) av Franz Lehár.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 780 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Vilja som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg