Faktaboks

Vilfredo Pareto

Wilfried Fritz Pareto (fødenavn)

Vilfredo Federico Damaso Pareto (navn fra og med 1858)

Uttale
parˈeto
Fødd
15. juli 1848, Paris, Frankrike
Død
19. august 1923, Céligny, Sveits
Vilfredo Pareto
Vilfredo Pareto
Av .

Vilfredo Pareto var ein italiensk samfunnsøkonom og sosiolog.

Han var opphavleg utdanna som ingeniør, og var professor i sosialøkonomi ved universitetet i Lausanne i Sveits frå 1893.

Pareto gjorde banebrytande arbeid innanfor verdilæra (Pareto-prinsippet) og inntektsfordelingsteorien (Paretos lov).

Som sosiolog utforma han teorien om sirkulasjonen til elitane. Dette er ein stadig pågåande historisk prosess, der rivaliserande minoritetar kjempar og tek makta for seinare å bli erstatta av andre. Pareto understreka dei ikkje-logiske kreftenes betydning. Hans syn på elitane spelte ei stor rolle for den italienske fascismen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg