Viktoria er eit kvinnenamn som går tilbake til latin victoria med tydinga ‘siger’.

Namnet har fleire variantar: Victoria, Viktoria, Wictoria, Wiktoria.

Namnedag er 25. februar. Viktor har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Viktoria

Eit utval personar med namnet Viktoria, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 581 kvinner i Noreg som hadde Viktoria som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 18 jenter som fekk namnet Viktoria.

Utvikling i bruk av namnet

Kvinnenamn på -ia og -ie – og med tre eller fire stavingar – har utanlandsk opphav. Dei har vore på topp rundt år 2000. I tillegg til Victoria og Viktoria gjeld dette til dømes Amalie, Amelie, Cornelia, Emilia, Emilie, Julia, Julie, Maria, Marie, Nat(h)alie, Olivia, Sofia og Sofie. Den internasjonale stavemåten Victoria har sidan år 1900 vore 4,4 gongar meir brukt enn Viktoria. Dei var på topp samtidig (2000-04).

Utvikling i bruk av namnet Viktoria frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Viktoria frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Viktoria på 1800-talet.

Viktoria var mest brukt i Kristiania og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Viktoria på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Viktoria var mest brukt i Kristiania og Finnmark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Victoria.)

Historisk bruk av namnet Viktoria
Historisk bruk av namnet Viktoria
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg