Viktor er eit mannsnamn som går tilbake til det latinske ordet victor som tyder ‘sigerherre’.

Namnet har fleire variantar: Victor, Viktor, Wictor, Wiktor.

Namnedag er 25. februar. Viktoria har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Viktor

Eit utval personar med namnet Viktor, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 111 menn i Noreg som hadde Viktor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 133 gutar som fekk namnet Viktor, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Viktor og Victor slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Viktor og Victor er blant dei latinske namna som har hatt toppfasen sin på eit seint tidspunkt (etter 2000). Andre døme er Adrian, Fabian, Felix, Julian og Marius.

Utvikling i bruk av namnet Viktor frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Viktor frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Viktor på 1800-talet.

Viktor var klart mest brukt i Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Viktor på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Viktor var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Victor.)

Historisk bruk av namnet Viktor
Historisk bruk av namnet Viktor
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg