Faktaboks

Innbyggjartal
1021 (SSB, 2023)
Landareal
1 km²
Tettstadsnummer
4561 Vikeså

Vikeså er ein tettstad i Bjerkreim kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1 km², og har 1021 innbyggjarar (2023).

Vikeså ligg ved E39 i vestenden av Svelavatnet i Bjerkreimsvassdraget. Frå E39 fører fylkesveg 503 nordaustover til fylkesveg 45 0i Byrkjedal i Gjesdal.

I Vikeså er det produksjon av ventilasjonsanlegg, likeins trevarefabrikk og golvleggjebedrift. Vikeså skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule. I Vikeså ligg FN-parken med minnestein over rogalendingar som har falt i FN-teneste.

Namn

Førsteleddet kjem antakeleg av norrønt Vikir, eit opphavleg namn på Svelavatnet, sjøen som lagar vikar. Sisteleddet tydar ås.

Kart

Vikeså
Vikeså
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg