Faktaboks

Innbyggjartal
2123 (SSB, 2023)
Landareal
1,2 km²
Tettstadsnummer
4573 Vigrestad

Vigrestad er ein tettstad i kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,2 km², og har 2123 innbyggjarar (2023).

Vigrestad ligg ved jernbanestasjonen med same namn på Sørlandsbanen. Fylkesveg 4334 passerer tettstaden.

Vigrestad har mykje industri, mellom anna næringsmiddelindustri (ferdigmatproduksjon), møbel-/trevareindustri og produksjon av mineralske produkt (betongvareindustri).

Nord for tettstaden er det fleire gravhaugar frå jern- og bronsealderen, mellom anna Kipparhaugen frå bronsealderen. Den er fire meter høg og har tverrmål på 25 meter. Mellom denne og Mollhaugen ligg eit felt frå jernalderen med flere gårdsanlegg og meir enn 100 gravhaugar.

Førsteleddet til namnet er usikkert, men kan ha samband med norrønt vigr, 'spyd'; truleg opphavleg brukt om elva ved tettstaden.

Kart

Vigrestad
Vigrestad
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg